Turtips i Ørsta; Tyssevatnet

 

Tyssevatnet

Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 660 moh
 
Fin tur til vatnet der Tussa hentar vatn til sitt fyrste og største kraftverk. Når du kjem til vatnet finn du Turistforeininga si sjølvbeteningshytte, Tyssenaustet, med 6 sengeplassar.
 

Start

Du kan både køyre og ta båt til Bjørke som ligg i enden av Storfjorden. Dersom du vil køyre tek du E39, Kvisvegen til Kalvatn. Mellom Kvivstunellen og Eidsnakktunellen tek du av på FV41 til Bjørke. Rett forbi Saursvatnet tek du til høgre og følgjer vegen til rett etter ein skarp høgresving, der du får auge på ein gard på sørsida. Parkering på lommer langs vegen.
 
Stien startar ved ei grind, og går forbi masta oppe i skogen. Deretter bratt opp lia, før stien traverserer i sida bort mot den regulerte Tyssefossen i 400 meters høgde. Ver merksam på svaberga her. Vidare oppover på heilårsbru over Tyssa rett ovanfor skoggrensa og bratt vidare opp til hytta. I 600 meters høgde går stien over på ein gammal anleggsveg, som skal følgjast mot aust. Denne tek du av frå rett før ei bru, og følgjer raude pålar mot hytta.
 
Alternativt kan du starte frå Åkre, litt lenger nord. Den stien er også T-merka.
 
Ved Tyssevatnet har du moglegheit til å fiske og låne båt av Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Der er også overnattingsmoglegheiter i Tyssenaustet som blei rehabilitert i 200/2001 og er utstyrt med sengetøy og alt du treng for matlaging. Klikk på linken under for å lese meir om overnatting m.m.
 
 Last ned pdf av turen!
 
 Sjå meir informasjon om turen, overnatting og bilde her!
 
Kjelde: www.ut.no