Turtips i Ulsteinvik; Skolma

 

Skolma

Lengde: 10 km tur/retur
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 635 moh
 
Skolma ligg ytst ute på Hareidlandet. Du har flott utsikt mot Ålesund, øyriket og storhavet. Dette er ein flott plass å oppleve solnedgang/-oppgang.
 

Start

Frå Ulsteinvik køyrer du FV25 mot Flø, heilt til endes. Om lag 1 mil frå Ulsteinvik sentrum. 
 
Parker der vegen endar på Ytreflø. Her er det ein grus-/traktorveg som du følgjer til fots om lag 2 km før stien går oppover Ytreflødalen. Det er tydeleg sti, så vegen er enkel å finne. Når du kryssar ei elv, følgjer du stikker over eit litt myrlendt område slik at du kjem ut på fjellkanten. Følg så stien vidare oppover. Når stien vert litt utydeleg på slutten er det berre å sikte seg inn mot toppen.
 
Nyt turen og utsikta. God tur!
 
 Last ned pdf av turen!
 
 Sjå meir informasjon om turen og bilde her!
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar