Turtips i Herøy; Nerlandshornet

 

Nerlandshornet

Lengde: 7,2 km tur/retur
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 368 moh
Tid: 1,5 - 2 timar tur/retur
 
Ein fin fjelltur som startar på grusveg og vidare på godt merkt fjellsti. Turen er også ein flott mørketur dersom du nyttar hovudlykt. På toppen kan du nyte fin utsikt mot Kvalsvik, Runde og resten av storhavet.
 

Korleis kome seg dit turen startar

Køyr mot Fosnavåg. Frå Fosnavåg følgjer du skilt til Nerlandsøy. Etter du har passert Kvalsundbrua tek du vegen mot Kvalsvik. På "toppen" av bakken er du på Teigane. Her kan du parkere, eller ta til venstre og køyre vidare opp mot porten til Teigetua. Sjå kart!
 

Parkering

Du kan parkere på Teigane rett etter at vegen startar til Teigetua. Forbi det kvite huset på oppsida av vegen er det plass til 2-3 bilar. Ikkje parker på den private parkeringsplassen som er merkt. Du kan også følgje vegen mot Teigetua og parkere ved porten. Her er det plass til 2-3 bilar.

 

Start

Turen startar ved porten til Teigetua. Du går på grusveg om lag 1 km før du tek av stien til Storevarden (når du når siste bakketopp før vegen flatrar ut og litt nedover). Følg den merkte stein med stolpar og refleks mot toppen av Storevarden. Når du kjem til Storevarden tek du til høgre og følgjer så blå stikker med reflex til Nerlandshornet, om lag 1 km.
 
 Last ned pdf av turen!
 
 Sjå meir informasjon om turen, kart og bilde her!

 

Kjelde: mrfylke.no/Morotur
 
 
God tur!