Turtips i Herøy; Igesundhetta - Igesundvarden og Hornseten

 

Igesundhetta og Igesundvarden

Lengde: rundtur 3,8 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 325 moh
 
Å gå på Igesundhetta og Igesundvarden er ein bynær rundtur med god utsikt over Fosnavåg og det meste av Herøy.
 

Start

Køyr FV654 mot Fosnavåg, ta av i vegkrysset ved SPAR-butikken på Myklebust og køyr Toftestøvegen 100 meter. Ta til høgre og køyr Øvre Myklebustvegen 150 meter. Her kan du starte turen. Alternativt kan du parkere på SPAR og gå på vegen til startpunktet (250 meter på asfaltert veg).
 
Parkering anten på SPAR, sjå over. Eller i enden på Øvre Myklebustvegen, sjå over!
 
Turen byrjar på øvre Myklebust. Gå mot vest på anleggsvegen, her kan det endre seg på grunn av utbygging. Oppom anleggsvegen går råsa over myrlent terreng. Her er det noko vått så ha gode sko. Når du kjem opp til Vikevatnet deler råsa seg og går på begge sider av vatnet. Tek du til høgre kjem du til Igesundhetta, tek du til venstre kjem du til Igesundvarden. Du vel sjølv kva veg du vil gå først. Turen går rundt Vikevatnet og Storevatnet. Det er god rås som er godt skilta i vegkryssa.
 
 Last ned pdf av turen!
 
 Sjå meir informasjon om turen og bilde her!
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar

 

 

Tussabygg - Hornseten

Lengde: rundtur 2,6 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 200 moh
 
Fin tur i lett terreng som passar for alle. Ny turveg med lys som gjer det lett å kome seg fram. Det er fleire rastebord langs turvegen.
 

Start

Køyr mot Fosnavåg på FV654. Ved Berge Bedehus skal du ta av opp til høgre mot Bergslia byggefelt. Køyr Borgarhaugvegen om lag 100 meter og ta av til høgre og køyr Bergslivegen 300 meter. Ta så til høgre og køyr Bergslibakken, svakt mot venstre / beine vegen til du er ved Tussabygget og parkering.
 
Turen startar ved Tussabygget ovanfor Bergslia byggefelt. Følg turvegen opp dalen til vegen deler seg. Ta til høgre der det er skilta til Hornseten. Litt bratt i starten, om lag 50 meter. Så går vegen rett til Hornseten. Flott utsikt over Fosnavåg sentrum og øyane rundt. Turen tilbake går austover langs ryggen, før du tek ned fjellsida. Følg stien. Ved første flate, ta mot vest, mot Heid og over området ovanfor skyttargravene då kjem du inn att på turvegen du gjekk opp. Ta då ned til venstre og følg turvegen tilbake til Tussabygget.
 
 Last ned pdf av turen!
 
 Sjå meir informasjon om turen og bilde her!
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar 
 
God tur!