Turtips i Ulsteinvik; Midfløhornet - Veten - Smørkinna

 

Midtfløhornet - Veten - Smørkinna

Lengde tur/retur: 9 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 520 moh
Tid: om lag 2 - 3 timar
 
Nokre vil påstå at Midtfløhornet har kanskje den flottaste utsikta på Hareidlandet.

 

Start

Frå Ulsteinvik køyrer du FV25 mot Flø. Om lag 400 meter etter du har passert gamleskulen/Galleri Hugo Opdal tek du til høgre og oppover gardsvegen til Brørevatnet.
 
Parker ved bommen på ein liten parkeringsplass (plass til 3-4 bilar).
 
Frå bommen går turen om lag 700 meter oppover grusvegen mot Brørevatnet. Ta til venstre oppover grasbakkane til skogen (skilt). Råsa går bratt opp langs skogskanten til Midtfløhornet. Denne delen er til tider svært bratt og luftig, men til gjengjeld er utsikta på toppen fantastisk.
 
Frå Midtfløhornet går turen vidare til Veten, og så i lett turterreng til Smørkinna til foten av Sneldelia, og til gardsvegen ved Brørevatnet. Frå Brørevatnet følgjer du grusvegen attende til bommen på Midtflø der du parkerte.
 
 Last ned pdf av turen!
 
 Sjå meir informasjon om turen og bilder her!
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar
 
God tur!