Desember_Svedahornet 660x446.jpgUtsikt frå Svedahornet i Sande mot Vanylvsfjella. Foto: Geir Magne Sætre

Turtips i Sande; Nupatinden og Veten

Sjølv om fjella i Sande kommune ikkje er så høge så gir dei deg mange fine turalternativ. Her gir vi deg tips om tur til Nupatinden og Veten!

Nupatinden

Lengde: 7,2 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 300 meter
 
Nupatinden har flott utsikt over øyane i ytre Sande, Gurskefjorden, Hallefjorden og du ser langt til havs. Fin tur i lett terreng. Larsnes IL har trimpost på toppen.
 

Start

Drageskaret på Fv 61 mellom Gursken og Larsnes.
 
Råsa byrjar på vestsida av vegen på høgste punktet på Drageskaret, går så vestover, først over nokre myrar. Råsa går så etter ryggen utover til toppen av Storehornet, derifrå går råsa bratt nedover og går så etter høgste ryggen vestover til Nupatinden. God rås, men det kan vere litt vått over myrane ved regnver.
 
Spesielle forhold
Nupatinden er fuglefredingsområde, så i perioden 1. mai - 31. juli er det berre lovleg å gå i råsa ut til toppen, det er ikkje lovleg å gå utanom råsa i denne perioden.
 
 
Kjelde: www.mrfylke/morotur
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete her: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Nupatinden
 
 

Veten

Lengde: 6,6 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 550 meter
 
Veten ligg fint til over Nyksvatnet med god utsikt ut mot vest og mot fjella i Sande og Vanylven. Veten har namnet sitt etter det gamle varslingssystemet med eldvardar som var langs kysten. Larsnes IL har trimpost på toppen. På Veten står også eit opplysningsskilt som fortel segna om Årvikrisen og Haukelandsrisen.
 

Start

Drageskaret på Fv 61 mellom Larsnes og Gursken.
 
Råsa byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret, ho går etter fjellryggen Langhamrane opp forbi kvilesteinen og mellom Knottahornet og Svedehornet, går vidare innover fjellet til du kjem til skiltet Keipen Veten, då tek du til høgre. Råsa går då forbi vestenden av Langevetevatnet, går derifrå bratt opp til toppen av Veten. Frå Veten er der mogleg å følgje ei rås som går inn til Torsethornet og derifrå til Keipen og bruke den som alternativ retur. Du kjem inn på sporet ditt ved skiltet Keipen Veten. Alle desse råsene er godt merkte. På Veten er der også rås som kjem opp frå Skredestranda.
 
Kjelde: www.mrfylke/morotur
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete her: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Veten