Turtips i Ørsta; Fingeren

Fingeren er eit populært turmål både sommar og vinter. Ver merksam på skredfare om vinteren!

Fingeren (1288 moh)

Lengde: 5,7 km (fottur) - 2,5 km (ski)
Vanskelegheitsgrad: Middels/Krevjande
Høgdemeter: 813 meter
 
Fingeren er ein topp med særpreg som ligg lett synleg frå Standalhytta, midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Det er flott utsikt frå toppen. Siste 40 høgdemetera byr på spennande klatring, men det er også flott å stoppe før klatringa. Du får likevel ein flott tur og flott utsyn.
 

Start

Rv65, følg skilting mot Standal. Ved Store Standal svingar vegen seg vidare opp mot Standalseidet.
 
Fottur til Fingeren  (juni - oktober)
Parkering ved hovudvegen like nedanfor Standalhytta. Vest for hytta (på venstre side) finn du stien. Du må klatre over eit gjerde, etter det er stien tydeleg vidare gjennom skogen, også etter at du kjem ut av skogen. Ver merksam på at nokre parti er våte. Etter kvart går du over i ur (om lag 800 moh). Her er det delvis merking med vardar. Sjå etter desse, så finn du ei fin rute mot Fingeren. Gå ikkje for langt nede; der er det ein del vatn og det kan vere glatt. Du kjem opp på ei lita egg før sjølve Fingeren. Her ser du ned i Romedalen, ein fin plass til å nyte nista og den fine utsikta!
 
Sjølve klatringa opp på Fingeren kan for mange vere ei utfordring, men tau er ikkje nødvendig. Gå gjerne med kjentfolk første gong så finn du den enklaste ruta. Du skal ikkje gå rett mot toppen, men halde deg i nordsida. Du vil nok sjå kvar stien går om du gir deg tid, men ta ingen sjansar om du er usikker. Det er bra med plass på toppen, så gi deg tid til å stoppe litt før du returnerer same veg tilbake.
 
Spesielle forhold: Det er mogleg å overnatte på Standalhytta (www.visitalesund-geiranger.com)
 
Kjelde: www.mrfylke.no/Morotur
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete her: www.mrfylke.no/Morotur/Turar/Fingeren
 
 
 
Skitur til Fingeren (januar-mai og november-desember)
Vinterstid er dette ein framifrå skitur, men då berre til foten av topp-pinnakkelen. Fingersida er ei einaste stor samleside for snø- og vindbyger frå vest, difor bør det blinke ein varsellampe for tryggleiken.
 
Turen startar frå Standalhytta. Gå over myrane og opp den trygge ryggen som dannar ein enorm terrengfelle på venstresida. Følg ryggen til om lag 800 moh. Herifrå legg du kursen til venstre, rett mot Fingeren. Dei neste 150 metera er ruta sitt mest skredutsette parti. Jamn stigning opp til foten av Fingeren.
 
Vel oppe er det god plass på austsida, trangt heilt oppe på kanten. Artig rangling på egga inntil sjølve foten av Fingeren, bruk gjerne stegjern og isøks. Skringsbehov dersom ein vil klatre heilt til toppen.
 
Retur same veg som turen opp.
 
Spesielle forhold: Det er mogleg å overnatte på Standalhytta (www.visitalesund-geiranger.com)
 
Kjelde: www.ut.no
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete her: http://ut.no/tur/2.6813/