Turtips i Ulsteinvik; Roppehornet og Roppesanden

Opplev hausten på nydelege Flø med ein tur til Roppehornet eller Roppesanden. Du kan starte begge turane frå Gåsneset rett før Fløstranda tek til.

Turveg til Roppesanden

Lengde: 2,5 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
Tilgjengeleg for sykkel, vogn, rullator osb.
 
Ein tur til Roppesanden er ei fin oppleving for både store og små. Du kan anten køyre bilen og parkere langs vegen på oppsida av stranda, eller du kan parkere ved Gåsneset og gå/sykle/jogge langs turvegen.
 

Start (turvegen)

Følg Fv 25 frå Ulsteinvik sentrum mot Flø. Rett før Fløstranda kjem du til Gåsneset, her kan du parkere. Det er plass til om lag 3-4 bilar der råsa til Roppehornet startar.
 
På nedsida av vegen finn du ein flott turveg som snor seg langs vegen/strandkanten heile dei 2,5 km ut til Roppesanden. Her kan du sykle, gå eller jogge om du vil.

 

 

Roppehornet (412 moh)

Lengde: 5 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 400 meter
Tid: 2 timar
 
Turen til Roppehornet er ein flott tur med ei fantastisk utsikt over fjord og hav. Det er få plassar du kan gå i fjellet og nyte drønnet av bølgjene frå storhavet samtidig, det kan du her!
 

Start

Følg Fv 25 frå Ulsteinvik sentrum mot Flø. Rett før Fløstranda kjem du til Gåsneset, her kan du parkere. Det er plass til om lag 3-4 bilar der råsa til Roppehornet startar.
 
Når du har parkert bilen/sykkelen startar stien med ei bratt rås oppover nordsida av Ulsteinhetta. Stien her er steinete og til tider bratt, men lett å finne. Om lag halvvegs på turen kjem ein til Ulldalen, her flatar det ut, men er til gjengjeld myrlendt og litt vått. Ein må passere ei mindre elv. Deretter går turen i ei fin rås oppover mot Trollet, med ei flott og luftig utsikt ned mot Fløstranda. Siste del av turen er litt bratt, men utsikta både frå råsa og frå toppen av Roppehornet er fantastisk.
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete her: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Roppehornet