September_Vassdalstinden 660x446.jpgVassdalstinden og Kolåstinden i skoddehav sett frå Saudehornet i Ørsta. Foto: Gunnar Wangen

Turtips i Ørsta; Saudehornet og Vallahornet

Turane til Saudehornet og Vallahornet har nesten identisk rute, med unntak av slutten. Vi har difor valt å dele fjellturen i to separate turar slik at det er enkare å finne fram.

Vallahornet (830 moh)

Lengde: 4-5 km
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Høgdemeter: 690 meter
Tidsbruk: 2-3 timar (alt etter form og alder)
 
Talet på høgdemeter tilsvarar at det er ein krevjande tur, men elles er dette ein enkel tur med fin sti til toppen.
 

Start 

Følg E39 gjennom Ørsta sentrum. Ta av ved Vikegeila og følg vegen heilt opp til vassverket, her kan du parkere bilen.
 
Frå parkeringsplassen følgjer du grusvegen, eller går langs stien som går parallelt. Når grusvegen svingar skarpt til venstre, vil du sjå eit skilt på høgre side av vegen som viser stien vidare mot Vallahornet og Saudehornet. Du vil etterkvart passere ei elv (nytt høvet til å fylle på med vatn om du treng det) og ei lita hytte på vegen oppover. Like før ryggen deler stien seg i to, med Vallahornet til høgre og Saudehornet opp til venstre. Følg stien som går skrått til høgre, det gjenstår då berre eit kort stykke før du er framme på toppen.
 
Dersom du ønskjer å gå vidare mot Saudehornet kan du ta inn på stien mot venstre og følgje åsryggen heilt til toppen av Saudehornet. Terrenget her er noko brattlent og toppområdet ikkje særleg stort.
 
Kjelde: fjellglede.blogspot.no
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete: http://fjellglede.blogspot.no/2014/08/vallahornet.html
 
 

Saudehornet (1303 moh)

Lengde: 6 km
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Høgdemeter: 1163 meter
Tidsbruk: 4-5 timar (alt etter form og alder)
 
Turen er krevjande fordi den er bratt, spesielt mot slutten, her kan det følast luftig. Stien er for det meste grei og er godt synleg heile vegen til toppen. Nokre parti består av steinur og det krevst litt enkel klatring. Turen kan godt kombinerast med ein tur innom Vallahornet.
 

Start

Følg E39 gjennom Ørsta sentrum. Ta av ved Vikegeila og følg vegen heilt opp til vassverket, her kan du parkere bilen.
 
Frå parkeringsplassen følgjer du grusvegen, eller går langs stien som går parallelt. Når grusvegen svingar skarpt til venstre, vil du sjå eit skilt på høgre side av vegen som viser stien vidare mot Vallahornet og Saudehornet. Du vil etterkvart passere ei elv (nytt høvet til å fylle på med vatn om du treng det) og ei lita hytte på vegen oppover. Like før ryggen deler stien seg i to, følg stien mot Saudehornet opp til venstre. Frå ryggen og vidare til toppen blir det brattare, luftigare og meir krevjande sti, men du er snart oppe!
 
Kjelde: fjellglede.blogspot.no
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete: http://fjellglede.blogspot.no/2014/08/saudehornet.html