Turtips i Ørsta; Saksa

Litt krevjande fjelltur som gir fantastisk utsikt over Hjørundfjorden.

Saksa (1073 moh)

Lengde: 3 km
Høgdemeter: 1073 moh
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Sesong: juni-oktober

La deg ikke lure av at Saksa er ein av dei lågaste toppane i området. Plasseringa gjer at utsikta til fjord og fjellparti er spektakulær. Fjellet har tre toppar, der den nordlegaste utgjer det høgste punktet.

Start

Ta ferje utan bil til Leknes eller ta med bilen til Urke. Du kan starte turen både på Leknes (der ferjekaia ligg) eller frå Urke (mellom Leknes og Øye). Skal du ta turen frå Urke må du køyre eit stykke.

Frå Leknes finn du turskilt allereie frå ferjekaia og opp forbi garden. Finn traktorvegen i retning Leknesnakken. Bryt av mot nord og følg den stien som fører skrått nordover mot Leknesdalen. Derfrå er oppstigninga bratt, dels i sti og dels i steinur.
 
Frå Urke finn du ein bratt veg opp frå riksveg 655 på ytre Urke. Følg traktorvegen eit kort stykke og som vil føre deg til ein sti som går i lia langs elva oppover til Leknesdalen, deretter som for start frå Leknes.

Spesielle forhold: Turen ned frå den sørlege toppen og gjennom eit smalt skar mellom sørtoppen og midttoppen kan opplevast som krevjande med noko lett klatring. Utsikta er uansett best frå sørtoppen.
 
Kjelde: http://www.visitalesund-geiranger.com