Turtips i Ørsta; Romedalen og Romedalstinden

Vel mellom ein lett fottur i Romedalen og det flotte området rundt, eller ein meir krevjande og luftig tur til Romedalstinden

Fottur i vakre Romedalen

Romedalen er ein fjelldal i Ørsta kommune på Sunnmøre. Han går om lag åtte km mot nord frå garden Årsæther i Follestaddalen. Han stig frå 120 moh. til lågaste overgangen på 480 moh. Dalbotnen er flat. På begge sider er det høge alpine fjell, slik som Kolåstinden og Romedalstinden på austsida. På vestsida finn ein mellom andre toppane Kjerringa, Sveddalstinden og Høgehornet.
 
Start
Følg riksveg 655/Dalevegen frå Ørsta sentrum. Etter om lag 5 km deler vegen seg, fortsett vidare på vegen innover Follestaddalen. Køyr på vegen vest for elva, ved Kolås finn du vegen opp Romedalen. Du kan velje om du vil gå langs vegen innover Romedalen eller om du løyser bompengar og køyrer vidare innover.

Det er fleire overgangar til andre fjelldalar. Romedalsskaret mot aust, 1000 moh. fører til Lissjekoppen i Ytre-Standal-dalen. Steinstøylskaret mot aust, til Molladalen. Barstadskaret mot nord, 680 moh. til Barstaddalen. Skjerva mot nordvest, 480 moh. til Nordre Vartdal. Årstaskaret mot vest, 800 moh. til Langedalen.

Romedalen er ein gamal seterdal. Her ligg setrane: Årsætersetra, Kubbestøylen, Moastøylen, Romedalsstøylen og Steinstøylen. Det vert ikkje drive seterdrift lenger. Sela tener no som fritidshus. Dei vert i stor grad haldne ved like i gamal stil.

Dalen vert beitt av sauer og storfe, og kulturlandskapet vert på den måten i stor grad halde i hevd.

Nord om Steinstøylen ligg Vassbakkvatnet.
 
Kjelde: Wikipedia
http://friskluftlukke.blogspot.no/2014/03/tour-de-romedalen.html
 

 

Romedalstinden (1295 moh)

Den enklaste sommarruta til Romedalstinden (1295) går frå ytre Standaldalen via Lissjekoppen. Ruta går for det meste på godt synleg sti og har litt klatring dei siste 100 m i toppområdet.
 
Start
Ytre Standal (Lisje Standal) ligg ved Hjørundfjorden om lag 10 km sør for ferjeleiet på Festøy. Ved brua over elva er det avkøyrsle opp ytre Standaldalen. Du kjem til eit gardstun der bomvegen startar. Det er om lag 1,5 km opp til enden av vegen der det er plass til nokre bilar.
 
Det er god sti opp ytre Standaldalen til ytre Standalsetra, også kalla "setra på haugen". Frå setra følgjer du skilta sti mot Standalhytta, denne stien går opp i Lissjekoppen og over Kvanndalsskaret. Før du kjem opp til vatnet i Lissjekoppen ser du ei bratt vegetert fjellside som går opp til høgre for nokre svaberg. Fjellsida har for det meste synleg sti heilt opp på egga mellom Romedalstinden (1295) og Storekopptindane. Følg egga mot Romedalstinden (1295) og gå på høgre side av pinakkelen som står på egga. Frå pinakkelen er det godt synleg sti som viser veg vidare.
 
Eit kort stykke etter pinakkelen er det litt sidebratt, her kan det føles utsett. Spesielt dersom det er vått må du vere varsam. I toppområdet kan du velje mellom luftig klatring og balansering langs toppegga bort til varden, eller finne gode ruteval om lag 10 m ned under toppegga på venstre side der det også er delvis synlege trakk.
 
Kjelde: http://fjellinordvest.net/content/view/402/743/