Turtips i Volda; Grøthornet og Rotevassetra

Topptur til Grøthornet, eller lettare skitur til Rotevassetra. Vel ein lett eller ein litt meir krevjande skitur.

Start

Du kan starte begge turane ved parkeringsplassen på Krøvelseidet, men forklaringa her til Grøthornet tek utgangspunkt i ei rute som startar frå enden av Fransvegen i Bratteberg-feltet.
 
Korleis kome seg til Krøvelseidet
Frå Volda sentrum til Krøvelseidet er det om lag 6 km. Følg skilting til Fyrde (E39/RV651) og i rundkøyringa tek du av til Vikebygda. Følg hovudvegen (Vikebygdvegen) forbi skilt til skisenter. Snart kjem du til ein parkeringsplass på høgre side av vegen. Turen til Rotevassetra startar her. På motsett side av vegen startar ruter til Grøthornet og Melshornet.

 

 

Rotevassetra

Utstyr: Langrennski eller turski
Lengde: 6 km, upreparerte løyper
Totalstigning: 203 høgdemeter
Start: Frå parkeringsplass på Krøvelseidet
 
Rotevassdalen er eit flott områdefor skiturar. Her er det lett å ta seg fram både for små bein, spreke bein og mindre spreke bein. Når snøtilhøva tillet det, vert det trakka med trakkemaskin og lagt løypespor. Turen til Rotevassetra er om lag 6 km og i utgangspunktet på upreparerte løyper. På setra er det sett opp ei Grindaløde/hytte som er opa for alle. Hugs å rydde etter deg! Det er mange fine plassar å stoppe viss ein ikkje vil gå heilt til setra.
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Rotevassdalen-til-Rotevassetra
 
 

Grøthornet frå Fransvegen

Utstyr: Ski som er godt eigna for topptur (Telemark, Randonnee osb.)
Lengde: 5 km, upreparerte løyper.
Totalstigning: 550 høgdemeter
Start: I enden av Fransvegen i Bratteberg-feltet
 
Ein flott tur frå bustadfeltet i Bratteberg gjennom skogen til Grøthornet, som ligg mellom Sandhornet (toppen på Volda skisenter) og Melshornet.
 
Turen startar i enden av Fransvegen og går oppover Dalsmarka. Her kryssar du spor til Driveklepp og Volda Skisenter og går rett oppover gjennom skogen. Sporet passerer skogsvegen og gjennom hogstfeltet til skoggrensa. Herifrå lett nordaustover i søkket mellom Sandhornet og Sledalen til Grøthornet. Retur same veg, eller Sledalen mot Olsenhytta og inn på sporet att.
 
Sjekk alltid rasutsette område når du skal på skitur!
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Groethornet-fraa-Fransvegen