Turtips i Herøy; Muletua og Mulevika

Lett fjelltur eller tur på stranda. Begge er spennande turar som eignar seg for alle aldrar uansett årstid.

 

Start

Frå Fosnavåg følgjer du skilta til Nerlandsøya og Kvalsvika. Ta til venstre når hovudvegen i Kvalsvika deler seg i to. 
 
Det er to moglegheiter for parkering: På høgste punktet på vegen er der ein liten parkeringsplass på venstre sida 50 meter før råsa. Dersom her ikkje er plass må du køyre til parkeringsplassen som er på enden av vegen 300 meter etter der råsa startar.
 
Inga parkeringsavgift.
 
 

Muletua (253 moh)

Lengde: 2 km med stigning frå 70-253 m
 
Dette er ein lett fottur som passar for både store og små uansett årstid. Turen startar på høgste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Turstien er godt merkt og går over Mulefjellet, der er tillaga med raste/kvileplassar fleire stader langs råsa.
 
Muletua er vestlegaste fjelltoppen i Herøy utanom Skorpa. God utsikt i alle retningar, vest i havet ser vi Svinøya, mot sør ser vi Skorpa, mot søraust ser vi dei andre fjella i Herøy og mot nordaust ser vi Runde. På toppen står ein restaurert torvskjå og på vegen opp ser vi fleire plassar der det er restar etter gamle torvskjåer og plassar der det har vore spadt torv.
 
På returen er det mogleg å gå ned over Barmen eller gå torvvegen og i begge tilfella kome ned i Kvalsvika. Det kan også vere fint å avslutte turen med å ta seg eit bad på den flotte sandstranda i Mulevika.
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Muletua
 
 

Mulevika

Frå parkeringsplassen i enden av vegen er det lett å finne råsa ned til den flotte stranda i Mulevika. Det er tidvis bratt nedoverbakke, men turen eignar seg godt for både store og små. 
 
Mulevika er ein av søre Sunnmøre sine skjulte perler. Det einaste du ser frå Mulevika er Skorpa og Svinøya. Her får du oppleve storhavet på nært hald med bølgjer frå Atlanterhavet som slår inn mot land. Mulevika er ein populær stad å ferdast heile året. Spesielt om sommaren er det ein populær badestad, ikkje minst grunna fin sand og store bølgjer. Mengda med sand kan variere frå år til år, då dønningane frå Atlanterhavet av og til vaskar han vekk, og av og til skyl sanden innatt.