Nedslagsfelt
Sørbrandal kraftverk 

Sørbrandal kraftverk

Nedslagsfeltet til Sørbrandal kraftverk er på 29 km2.

Sørbrandal kraftverk ligg i Vanylven kommune. Børevatnet er magasin for kraftverket. Andre store vatn i nedslagsfeltet er frå venstre Olalivatnet, Mørkevatnet og Støylsvatnet. Til høgre for Børevatnet ligg Kvenndalsvatnet. Kraftstasjonen ligg nede ved sjøen.

Teiknforklaring til kartet:
Mørk grått felt er nedslagsfeltet.
Stipla blå linje er rørgate eller tunnel mellom vatn i nedslagsfeltet.
Stipla gul linje er grusveg/skogsbilveg.
Heil gul linje er veg.