Oppsett av e-post på iPhone og iPad

Legg til ny konto

Iphone steg1

Følg desse stega for å setje opp e-post frå Tussa på din iPhone eller iPad. I denne rettleiinga viser vi oppsettet for iPhone, men prosessen er den same på iPad.

  1. Gå til appen Innstillinger på din iPhone eller iPad, og trykk på Mail.
  2. Trykk på "Kontoer", som står eit stykke ned på skjermen.
  3. Trykk på "Legg til konto".
  4. Dersom du ønskjer å setje opp e-postkontoen frå Tussa, trykkjer du på "Annen".
  5. Trykk på "Legg til e-postkonto".