Zyxel WX3401

Kom i gang

Denne brukarrettleiinga er for deg som har ruteren Zyxel EX5501 frå Tussa. Dersom du brukar ein annan ruter kan du setje opp forsterkarane frittståande. Sjå brukarrettleiing her.


  1. Kople forsterkaren til ein ledig port i ruteren med nettverkskabelen som følgjer med.
  2. Vent til dei to øvste lysa lyser konstant grønt (symbola for straum og signalstyrke).
  3. Du kan no kople frå forsterkaren, og plassere den ein stad i huset der du ønskjer å utvide dekninga.
  4. Hugs at forsterkaren må ha god dekning til ruteren. Dårleg dekning viser som raudt lys på forsterkaren.
  5. WiFi-passordet ditt er det same som før, og einingane dine vil automatisk hoppe mellom ruteren og forsterkarane for å få best mogleg dekning.
  • Dersom du har fleire forsterkarar kan du konfigurere desse på same måten. Kople forsterkaren til ruteren for å konfigurere den, før du plasserer den ut i bustaden.

    • Når dei to øverste lampane lyser grønt er forsterkaren klar og har god dekning.
    • Dersom den øverste lampen (straum) lyser konstant raudt, betyr det systemfeil. Prøv å kople til straum på nytt, og ta kontakt med kundeservice dersom problemet vedvarar.
    • Dersom den midterste lampen (signal) lyser raudt, betyr det at forsterkaren har for dårleg dekning. Flytt den nærare ruteren, eller forsøk å unngå hindringar som murveggar og pipe. Les våre gode råd for trådlaust nett.
    • Dersom den midterste lampen (signal) lyser oransje, betyr det at forsterkaren står for nært ruteren. Du kan med fordel flytte den lenger vekk, for å utvide rekkjevidda enda meir.