Oppsett av e-post på Android

Legg til ny konto

Android steg1

Følg desse stega for å setje opp e-post frå Tussa på din Android-telefon eller -nettbrett. I denne rettleiinga brukar vi Gmail-appen, som kjem installert på dei fleste nye Android-telefonar. Oppsett og ordlyd kan variere mellom ulike modellar. Dersom stega under ikkje passar for din telefon, kontakt kundesenteret på telefon 70 04 63 00, så hjelper vi deg.

  1. Opne appen "Gmail" på din telefon. På nyare telefonar finn du denne anten i appskuffa eller på framsida. På første biletet trykkjer du på "Legg til en e-postadresse". Dersom dette ikkje er det første som dukkar opp, kan du trykkje på menyknappen øvst i venstre hjørne, og derettre velje "innstillingar" nest nederst i menyen. Her vil du få opp alternativet "Legg til konto".
  2. Dersom du ønskjer å setje opp e-postkontoen frå Tussa, trykkjer du på "Annet".
  3. Skriv inn e-postadressa di i tekstfeltet.
  4. I staden for å trykkje "Neste", trykkjer du på "Manuell konfig."
  5. Trykk "Personlig (IMAP)" på spørsmål om kva slags konto dette er.
  6. Skriv inn passordet du har fått frå oss.
    Om du ikkje har fått eit passord frå oss, kontakt kundesenteret på telefon 70 04 63 00.
  7. Trykk "Neste".
  • Dersom Gmail-appen ikkje er installert på din telefon, kan du setje opp e-postkontoen din i ein annan e-post-app. Oppsettet kan då avvike frå denne rettleiinga.

    Du kan òg laste ned Gmail frå Google Play her.