Fornybar energi

Tussa garanterer 100 % fornybar energi - eit val for framtida!

Vi tilbyr straum med opphavsgaranti. Vi garanterer at det er produsert ei like stor mengde vasskraft som all straumen vi sel med opphavs-garantiar. Straumen er altså bassert på 100 % fornybar energi og vert produsert heilt utan utslepp av drihusgassen CO2 og utan radioaktivt avfall.
 
Som bedriftskunde kan du velje at straumen du kjøper hos oss skal vere 100 % fornybar energi.
 
Gode grunnar til å velje fornybar energi
  • Du bidreg til å etterspørje straum som kjem frå fornybare energikjelder og dermed støttar klimavennlege energiløysingar
  • Du er sikra at pengane du betalar for straumen går tilbake til produksjon av fornybar energi
  • Du får utferda eige sertifikat som dokumentasjon på at bedrifta di bruker fornybar energi, og det kan du bruke i eiga marknadsføring
Miljøgaranti
Bedrifter som vel 100 % fornybar energi får utferda eit eige sertifikat, med garanti frå Tussa at straumen vi leverer er frå vasskraft vi har reservert hos produsentane Tussa Energi AS og Statkraft AS. Desse to produsentane utferdar opphavsgarantiar for den straummengda Tussa sel til kundane som kjøper fornybar energi. Leveringa vert stadfesta av ein revisor hos Ecohz ASA.
 
100 % fornybar energi frå Tussa betyr av i har teke eit val som gagnar naturen og miljøet vårt.
 
 
 

Margrete Heltne Hovde
Salssjef energi
margrete.hovde@tussa.no
Tlf: 70 04 63 39
Mobil: 913 18 340
Last ned VCF

Frank Vatne
Energirådgjevar næring
frank.vatne@tussa.no
Tlf: 70 04 61 21
Mobil: 913 35 702
Last ned VCF