Fakturakontroll

Gratis gjennomgang av straumrekninga til bedrifta di.

Fakturakontroll eller energirevisjon er ein gjennomgang av straumrekninga for å sjekke om nettleige er fakturert korrekt i høve dei prisar og tariffar som gjeld. Dette er ei teneste vi tilbyr alle kundane våre utan ekstra kostnad.
 
I fakturakontrollen ser vi blant anna etter at grunnlaget for el-avgift er korrekt, og for bedrifter med høgt forbruk ser vi kva effekttoppar som ligg til grunn for nettleiga. Du kan også få ei lita innføring i korleis fakturaen er bygd opp, og nokre råd om korleis du kan gå fram for å få redusert kostnadane.  
 
Ønskjer du å inngå kraftavtale med oss kan vi utføre fakturakontroll som ein første del av avtalen. Då sender du oss berre siste faktura du har motteke frå nettselskapet og den eksisterande kraftleverandøren din.
 
Vi tek kontakt med deg dersom du ønskjer ein gjennomgang av straumrekninga til bedrifta di!
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Frank Vatne
Energirådgjevar næring
frank.vatne@tussa.no
Tlf: 70 04 61 21
Mobil: 913 35 702
Last ned VCF

Margrete Heltne Hovde
Salssjef energi
margrete.hovde@tussa.no
Tlf: 70 04 63 39
Mobil: 913 18 340
Last ned VCF