Med kraft til a skape banner.jpg

Lokale ringverknader

Tussa er ein stolt leverandør av straum, internett, digital-tv og elektriske installasjonar. Som ein del av det lokale samfunnet og næringslivet er vi med på å skape positive ringverknader.

Frå den første, dristige, vasskraftutbygginga på Bjørke i 1949, har Tussa sett moglegheitene, gripe tak i dei og lagt grunnlaget for framtida. I dag leverer Tussa rein, fornybar energi frå 22 vasskraftverk, har bygt ut fibernett og tilbyr superraskt internett til private og bedrifter, slik at du kan nytte deg av alle moglegheitene digitalisering og ny teknologi gir. Vi legg til rette for at du kan bruke det siste innan smartteknologi, lade elbilen din og installere solceller på taket.
 
Sponsorstøtte
Eit stort utval frivillige lag og organisasjonar gjer bygdene våre til attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Sidan Tussa er eigd av kommunane på søre Sunnmøre, er det naturleg at vi fører verdiar tilbake til lokalsamfunna vi er så stolte av. Idrettslag, skisenter, musikkorps, lan-party, festivalar, kor og speidarar er mellom dei som får bidrag til aktivitetane sine.
 
Lokale arbeidsplasser
Tussa er ein viktig arbeidsplass i nærmiljøet og har medarbeidarar med høg kompetanse innanfor ulike fagfelt. Tussa rekrutterer lokalt, og tek også i mot lærlingar og praksiselevar. Lærlingtida er ein viktig del av utdanninga, og som ei stor, lokal bedrift tek vi ansvar for å vere med å utdanne nye fagfolk.
 
Utbygging av breiband og fibernett
Tussa byggjer ut breiband og fibernett på søre Sunnmøre. Breiband med god kapasitet har blitt viktig for busetnad og kan bidra til å gjere små bygdesamfunn meir attraktive og bedrifter meir konkurransedyktige.
 
Miljø og kraftproduksjon
Tussa produserer vasskraft, ei fornybar energikjelde som er svært miljøvennleg sett i forhold til dei fleste andre energikjelder. I fjernvarmeanlegget Ørsta eldhus, nyttar vi flis frå reint treverk og skogsvirke. I Tussa datasenter vert varmen serverparken generer brukt til å varme opp hovudkontoret Tussatun, og det er lagt til rette for å kunne varme opp eksterne bygg.
 
Med kraft til å skape
Ein stor del av overskotet i Tussa går tilbake til lokalsamfunnet gjennom utbyte til eigarane. Tussa er i dag eigt av sju kommunar på søre Sunnmøre, KLP og eit kraftselskap. Overskotet går også til produksjon av meir fornybar energi, og utbygging av infrastruktur innanfor IT og kommunikasjon. 
 

Ingenting av dette hadde vore mogleg utan gode kundar og samarbeidspartnarar.

 

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kontakt seljar: 913 18 340
 
 
 
 

    
   Dagens spotpris 17.04.2021:

 26,42

øre per kWh