Verdiskapande samspel

Like born leikar best. Tussa og Flakk har mykje til felles. Begge bedriftene starta opp for nærare 80 år sidan, og har på desse åra blitt leiande på kvar sine område. Flakk Gruppen, som ein betydeleg aktør innan reiseliv, manufaktur og industri, og Tussa, som eit leiande energi– og kommunikasjonskonsern. I snart ti år har Tussa vore Flakk Gruppen sin kraftleverandør. Eit verdiskapande samarbeid for begge partar.

Frå høgre: John Egil Giørtz Jacobsen, dagleg leiar i Flakk Eiendom AS. Margrete Heltne Hovde, salssjef for energi og energirådgjevar Frank Vatne
 

Flakk Gruppen er eit familiekonsern med hovudkontor i Ålesund, og som rår over ein innhaldsrik portefølje av produkt. Konsernsjef Knut Flakk utviklar stadig selskapet, og handterer alt frå strikka ull, reiseliv, helikopter, til produksjon av vindauge og gassbehaldarar. Ein suksess som ikkje er tilfeldig. – Vi ønskjer å byggje opp lønsame bedrifter med produkt og tenester som kan bidra til positiv utvikling for individ, samfunn, og det miljøet vi lever i, seier John Egil Giørtz Jacobsen, dagleg leiar i Flakk Eiendom AS. Vi er stolte av vår verdifulle visjon, og implementerer den i alle ledd i konsernet.

Kortreist, trygt og enkelt
For å etterleve Flakk sin solide visjon er val av samarbeidspartnarar viktig. – Tussa leverer god kvalitet, dei er lokale, samfunnsansvarlege og framtidsretta, og dermed vårt naturlege førsteval, seier Giørtz Jacobsen. Han står saman med Tussa sine rådgjevarar Margrete H. Hovde og Frank Vatne i Ålesund, strategisk plassert framfor Flakk sitt nye prosjekt, Nye Hotel Brosundet. - Vi er ein krevjande kunde, med mange ulike selskap og behov. Vi treng ein straumleverandør som med sin unike kompetanse kan gi oss gode råd, og tilby oss rask hjelp når vi etterspør det. Tussa er kortreist, trygt og enkelt - akkurat det vi treng, fortel John Egil.
 
Gjensidig utvikling
Margrete og Frank er stolte av å ha ein kunde som Flakk i sin portefølje. – Ja, det er ein spanande kunde i ei spanande bransje. Vi har lært kvarandre godt å kjenne gjennom desse ti åra, men likevel er det ingen automatikk. Konsernet er i stadig utvikling med nye produkt og tenester, og vi må heile tida vere «på» for å tilpasse oss marknaden og kunden sine nye behov, seier salssjef for energi, Margrete H. Hovde. Ho er glad for slike kundar som utfordrar Tussa til å utvikle seg og bli enda betre.
 
Skape verdi over tid
Som regionens store reiselivsaktør, er det naturleg at det går med ein god del kilowattimar gjennom året. - Vi eig fleire gamle bygg, som vi blant anna bruker til hotelldrift. Spesielt her er det svært utfordrande å ha kontroll på energiforbruket, innrømmer John Egil, som då er glad for den hjelpa han får frå Tussa. – Dette er vårt spesialfelt, kommenterer Frank med eit smil. Kvar månad sender vi ei oppdatering på forbruket til alle anlegga i Flakk-konsernet, og varslar frå om vi ser eit unormalt forbruk. Samtidig sender vi kvar veke ei oppdatering på utviklinga i kraftmarknaden, og vurderer saman med kunden om det er naudsynt å sikre delar av forbruket eller enkelte periodar med fastpris. Saman med kunden skaper vi verdi over tid, seier energirådgjevar bedrift, Frank Vatne.

Det er akkurat slik oppfølging vi treng, og som Tussa sine rådgjevarar er så flinke til å gi, seier Giørtz Jacobsen. Vi har glede av både den vanlege kundedialogen, men også dei spesifikke rapportane som vi får om tilhøva i organisasjonen. Det er kjekt med eit ope samarbeid, og godt å vite at vi berre kan ringe Frank om det skulle vere noko.

 
Foto: Marius Beck Dahle
Tekst: Ellen Skodjevåg Bø