Samarbeid i beste form

Tussa har heilt sidan tidleg på 1960-talet hatt eit godt samarbeid med Vartdal Plastindustri. Bedriftene har etablert eit sterkt kundeforhold, og tenkjer likt på fleire område. Begge set kunden alltid fyrst, og kanskje er dette ein av grunnane til at selskapa er leiande innan kvar sine marknader.

Frå venstre: Margrete Heltne Hovde, salssjef for energi i Tussa. Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plastindustri og Frank Vatne, energirådgjevar i Tussa.
 
Det heile starta med ei fiskekasse i 1965. Verdas fyrste i ekspanderbar polystyren (EPS). Gründeren Jan Vartdal, stifta Vartdal Plastindustri i 1961. I dag er det tredje generasjon, Jan Endre Vartdal, som er dagleg leiar. Han er stolt over resultatet bedrifta har skapt desse åra, og forklarer nøkkelen til suksessen. – Det er viktig å legge lista litt høgare kvart år, vere innovativ, samt alltid prioritere kunden fyrst.
 
Luft + vatn + energi = EMBALLASJE
På biletet er Jan Endre "i form" saman med salssjef Margrete H. Hovde og energirådgjevar Frank Vatne i Tussa. – Ja, det er mykje ein kan få til med EPS. Det er få som veit at produktet består av heile 98% innestengd luft, og blir til ved at små "EPS-kuler" smeltar saman ved hjelp av varme og trykk, seier Vartdal. Vi produserer spesialtilpassa emballasje til kundane våre, anten frå store blokker av EPS som vi skjer til, eller vi formar emballasjen i spesialmaskiner. – Det er utruleg kjekt å sjå at vår kraft kan produsere dette, seier Margrete.
 
Profesjonelt samarbeid
Vartdal Plast er profesjonelle i si bransje, og forventar kvalitet tilbake frå sine underleverandørar. – Tussa har alltid vore eit naturleg fyrsteval for oss. Rådgjeving og oppfølging frå kundeansvarleg, gir ein lønsam avtale tilpassa vår energibruk på alle lokasjonane våre. Vi er avhengig av kraft for å skape våre produkt, og kraft frå Tussa er kortreist, trygt og enkelt for oss. Dette er viktig, slik at vi kan fokusere på det vi er gode på, fortel Jan Endre. – Vi er glade for samarbeidet med Vartdal Plast, seier Margrete. Dei utfordrar oss, og vi finn den beste løysinga for deira behov. Dei er flinke til å spørje om råd, og vi gir oppdatert informasjon og rapportar på både kraftmarknad og forbruk. – I tillegg er det viktig å nemne at Tussa har konkurransedyktige vilkår, samt gode system for fakturakontroll. Ein totalpakke vi set stor pris på, legg Vartdal til.
 
Innovative
Innovasjon og utvikling har heilt sidan starten vore ei sterk drivkraft for Vartdal Plastindustri. – Vi har heile tida inkludert kundane i utviklinga, fordi vi ser at samarbeid og deling av kunnskap gir idear til nye produkt. Samtidig har vi klart å bygge opp to solide og uavhengige forretningsområde innan emballasje og bygg, noko som gir oss tryggleik til å kunne vere innovative, fortel Jan Endre Vartdal. – Innovasjon er også spanande for oss i Tussa. Vi likar å jobbe med kundar som ser framover. Det krev meir av oss, og då utviklar vi vår kompetanse og våre løysingar for kundane, seier Frank.
 
Miljø
Miljø og samfunnsansvar er ein viktig fellesnemnar for samarbeidet, der begge ynskjer å redusere sitt miljøfotavtrykk. Vartdal Plast tenkjer berekraft i alle ledd med fokus på ressursutnytting og gjenvinning. Tussa produserer vasskraft, og er leverandør av fornybar energi. Bedriftene har óg like verdiar når det gjeld å støtte opp om lokalsamfunnet for betre nærings-, idretts- og kulturliv.
 
Foto: Marius Beck Dahle
Tekst: Ellen Skodjevåg Bø