For godt til å vere sant?

Som bedriftsleiar har du heilt sikkert fått eit utal tilbod frå telefonseljarar som lovar deg at du kan spare tusenvis av kroner på å bytte kraftleverandør. Vårt beste tips er at du ber om å få alt sendt over skriftleg slik at du kan gjere ei grundig vurdering av tilbodet. Det som vert presentert på telefon kan ofte vere for godt til å vere sant.

Den største forskjellen i telefonsal retta mot privat- og bedriftsmarknaden er at næringsdrivande ikkje har angrerett slik som privatpersonar har. Samtaler kan bli tekne opp og brukt som dokumentasjon på avtale. Stadfestingar på e-post og sms er også vanlege metodar. Har du ein seljar på tråden der du er usikker, avslutt samtalen med at du ikkje ynskjer å binde deg til noko. Alle seriøse aktørar i kraftbransjen vil kunne leggje ei ryddig oversikt over vilkår og bindingstid fram for deg slik at du kan studere det i ro og mak.
 
Når du har fått tilbodet på bordet er det greitt å finne ut av følgjande:
  • Kva avtale har du i dag, og er det lett å samanlikne tilboda?
  • Er det vanskeleg å forstå korleis avtalen er bygd opp? Kva ligg i ord som pristak, kraftforvaltning og prisgaranti? Mange avtalar er unødig kompliserte, og er du usikker kan du kontakte oss i Tussa for å få ei avklaring
  • Kva er avtalevilkåra knytt til forskotsbetaling, bindingstid og prisjusteringar?
  • Er det lagt inn tilleggstenester i avtalen, og treng du desse?
  • Kva seier andre kundar om leverandøren? Det kan vere lurt å 'google' litt etter kundeerfaringar med leverandøren du har fått tilbod frå  
I Tussa har vi eit mål om at du skal ha ei avtale som er lett å forstå og som er lett å følgje frå signering til levering. Synest du noko er uklart rundt vilkår og faktura ønskjer vi å høyre frå deg. Krevjande kundar er dei vi likar best, for då får vi også sjansen til å levere enno betre tenester i tida framover!