Det gir ekstra tryggleik å kjøpe krafta lokalt

Rufo si kraftavtale frå ein ekstern leverandør såg tilsynelatande god ut. Men då dei gjekk kontrakten etter i saumane, var ikkje kraftprisen så låg som dei vart lova. Vilkåra i kontrakten var vanskelege og bindingstida lang. Det tok difor fire år å kome seg fri frå avtalen

Knut Steinnes, Rufo
 
Ørsta-bedrifta Rufo er leiande i landet på produksjon av transportkasser og skreddarsydde koffertar. Bedrifta har eit relativt lite/middels stort kraftforbruk, og utan eigen innkjøpar til å forhandle fram kraftavtalar for seg, var det naturleg å takke ja til kraftmekling då dei fekk tilbod frå ein landsdekkjande leverandør. Slik skulle dei vere sikra å ha den til ei kvar tid billegaste kraftavtalen i marknaden.
 
- Den første tida var vi nøgde med avtalen. Etter kvart vart vi meir merksame på det lokale engasjementet til Tussa, som infrastrukturbyggjar og sponsor for idretts- og kulturlivet på søre Sunnmøre. Vi ønskjer å støtte lokale bedrifter, og prøvde å byte kraftleverandør, fortel Knut Steinnes, dagleg leiar på Rufo.
 
Men det å komme ut av avtalen var ikkje enkelt. Etter ei samtale med ein kjenning i Tussa, tok han kontakt og fekk kraftsalsavdelinga i Tussa til å sjå på dokumenta. Tussa har ved fleire høve vore rådgjevar og støttespelar for bedrifter som vil ut av liknande avtalar. Erfaringa er at prisane sjeldan er så gode som dei først framstår, vilkåra i kontraktane er vanskelege og bindingstida lang. For Rufo tok det fire år før avtalen var oppsagt og dei kunne velje ny kraftleverandør.
 
- I dag er vi medlem av Ørsta næringskontor som har forhandla fram ein kraftavtale med Tussa som vi er svært godt nøgd med. For Rufo er det viktig å handle lokalt og støtte det lokale næringslivet, seier Knut Steinnes.
 

 

Åtvarar mot useriøse kraftseljarar

Tussa har blitt kontakta av små og store bedrifter som har inngått straumavtalar dei ikkje har forstått rekkjevidda av. Avtalen ser tilsynelatande bra ut, men når ein ser nærmare på det så er vilkåra ofte vanskelege, bindingstida lang, og kraftprisen langt frå så låg som lova.
 
- Ver obs. Be om å få tilbodet skriftleg før du bestemmer deg, og ta gjerne kontakt med oss om du er i tvil, seier kraftseljar Frank Vatne i Tussa.
 
- Konkurranse i marknaden er bra, både for oss og kundane våre. Konkurranse skjerpar kraftleverandørane og bidreg til at kundane får rett kraftpris og god service. Men vi ser at det er useriøse aktørar i marknaden, som gir kraftbransjen eit dårleg omdømme, seier Frank Vatne.
 
Ta kontakt med oss
- Tussa kjenner lokalområdet, vi er nær kundane våre og kjenner bedriftene. Det skal vere enkelt å ta kontakt med oss og be om råd, utfordre oss og spørje, understrekar Frank.