Velkommen til digital energikonferanse

Lær meir om kraftprisutviklinga fram mot 2030, og om korleis Fora Form satsar på god design, berekraft og miljø i møbelproduksjonen sin

 
Vi har hatt besøk av senior kraftanalytikar, Olav Botnen, som gir oss innsikt i dei viktigaste prisdrivarane for kraftprisane framover. Han gir oss også svar på viktige spørsmål som både vi og kundane våre lurer på. Og vi har vore på eit spennande bedriftbesøk hos Fora Form.
 
Vi gir deg eksklusiv tilgang til komplett kraftprisanalyse med den korte- og langsiktige prisutviklinga, intervju med Olav Botnen og spennande bedriftsbesøk hos Fora Form.
 
 
 
Sjå berre kortsiktig kraftprisanalyse og spennande bedriftsbesøk hos Fora Form her:
 
 
 

Litt meir om det du får sjå:

 
Wattsight - Kraftprisane framover ved Olav Johan Botnen
Senioranalytikar Olav Johan Botnen i Wattsight vurderer alle delar av kraftmarknaden når han spår kraftprisane framover. Innmating av fornybar energi her heime og i Europa påverkar i høgste grad prisen i Botnen sine analysar. I likskap med når Statnett vurderer utviklinga, er det ikkje få element som hamnar under Botnen si lupe og vert mata inn i modellen. I år vil han fokusere på utviklinga av kraftmarknaden fram mot 2030. Det grøne skiftet vil verke kraftig inn på fornybar utbygging og elektrifisering av forbruk, og fleire utanlandskablar sett i drift nokolunde samtidig. Alt dette vil påverke kraftprisutviklinga.
 
Sofaprat med Olav Botnen
Salssjef for bedrift energi, Margete Heltne Hovde, tek opp viktige tema som kraftkundane lurer på i ein uformell sofaprat med Olav Botnen.
 
Fora Form - Brennande opptatt av å lage møblar for godt samspel ved Pål Eid-Hviding
Møbelprodusenten ser faktisk på samspel som si "superpower" i konkurransen med andre møbelprodusentar. Bak fabrikkfasaden på Mosflata i Ørsta jobbar bedrifta bevisst med å spele på lag med miljøet om eit målbart fotavtrykk. På denne måten kan Fora Form seie at deira møblar er laga av gode samspel, og når møblane er levert sørgjer dei for gode samspel der menneska møtast.

 


 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kontakt seljar: 913 18 340
 
 
 
 

    
   Dagens spotpris 17.04.2021:

 26,42

øre per kWh