Kabelpåvising

Ved alt gravearbeid pliktar du å sjekke om det ligg kablar som kan bli skada i bakken under gravinga.

Du har ansvaret

Det er den som grev som har ansvaret for å sjekke om Tussa eller andre kabeleigarar har installasjonar under bakken. Brot på kablar kan får store konsekvensar, både med omsyn til skade på menneske og utstyr, men også ved at delar av området kan bli utan internett og TV i kortare eller lengre periodar. Den som er årsaka til skaden risikerer å bli stilt økonomisk ansvarleg for kostnadene eit brot medfører. Erstatningsbeløpet kan i verste fall bli på fleire hundre tusen kroner.
 

 

Bestille kabelpåvising

Logg inn på gravemelding.no. Her kan du bestille kabelpåvising og kart for planlegging og prosjektering. Gravemelding.no er ei teneste frå selskapet Geomatikk. 

 
 
 
 
 
Kontakt
 

Tussa IKT

70 04 62 00