Avtalevilkår

Avtalevilkår for Digital-tv (bedrift)

 
Generelle vilkår - bedriftskundar
 
1. Definisjonar og omfang
1.1 Kunden blir kalla ”Abonnenten”, Get blir kalla ”Leverandøren” og Tussa IKT blir kalla ”Distributøren”.
 
1.2 Desse generelle vilkåra gjeld for Abonnenten sitt kjøp av alle tenester frå Leverandøren. I tillegg gjeld særskilte vilkår for digital-tv.
 
1.3 “Tenesta” inkluderer teneste og produkt som er nærare spesifisert på avtaleframsida, godkjent bestillingsskjema og/eller ordrestadfesting frå Distributøren (samla nemnt ”Ordrestadfesting”).
 
1.4 Ordrestadfestinga, generelle vilkår og særskilte vilkår for den tenesta som går fram av Ordrestadfestinga utgjer avtalen for Tenesta (”Avtalen”).
 
1.5 Avtalen føreset at Abonnenten er bedrift eller institusjon med gyldig organisasjonsnummer. Det er vidare ein føresetnad for tilgang til Tenesta at Abonnenten har avtale om tilknyting til Distributøren sitt kabel- eller fibernett, enten direkte eller gjennom anna juridisk person, at avtalen ikkje er misleghalden og at det føreligg kapasitet og lov til å overføre Tenesta.
 
1.6 ”Utstyr” betyr dekodar, programkort eller anna utstyr som tilhøyrer Leverandøren, og som er utlevert til Abonnenten i samband med Avtalen.
 
1.7 ”Vederlaget” betyr det Abonnenten skal betale for tilgang til og bruk av Tenesta, tilleggstenester og utstyr.
 
1.8 ”Abonnenten sitt Nett” betyr nett og utstyr på Abonnenten si side av grensesnittet mot Distributøren sitt nett, under dette også nett og utstyr eigd av annan netteigar som Abonnenten har inngått avtale om å motta signalleveranse frå.
 
2. Levering og installasjon
2.1 Leverandøren skal stå føre tilkopling og teknisk overføring av den tenesta som følgjer av Avtalen fram til Abonnenten sitt nett. Med mindre anna er særskilt avtalt, disponerer Distributøren nødvendige frekvens-område i Abonnenten sitt nett for Distributøren sitt totale tenestetilbod.
Distributøren skal sørgje for at kapasitet og overføringseigenskapar i sitt nett oppfyller krava som er fastsett i Lov om elektronisk kommunikasjon av 4. juli 2003 (”ekomlova”) med tilhøyrande forskrifter.
 
2.2 Leverandøren tek atterhald om framføringsrett, og andre forhold som vanskeleggjer tilknyting eller leveranse av Tenesta, og er utan ansvar for manglande tilknyting, bortfall eller oppretthalding av Tenesta i slike tilfelle.
 
3. Utlevering av Utstyr
3.1 Ved oppstart av Avtalen er Distributøren ansvarleg for utlevering av nødvendig Utstyr for å levere Tenesta til Abonnenten.
 
4. Vederlag, betalingsvilkår og endringar
4.1 Vederlaget blir berekna frå det tidspunkt Distributøren har aktivert Tenesta. Etableringsavgift og vederlag for installasjon og levering av Utstyr blir belasta i første faktura. Administrasjons- og fakturagebyr kjem til etter dei til ei kvar tid gjeldande satsar.
 
4.2 Betaling av vederlag skal skje forskotsvis med månadlege terminar, dersom ikkje anna er skriftleg avtalt. Faktura blir sendt pr. post inntil eFaktura eller annan fakturaform er godkjent av Distributøren og igangsett. Avtale om eFaktura blir ordna og igangsett mellom Abonnenten og banken til Abonnenten.
 
4.3 Betaling skal skje seinast ved betalingsfrist som oppgitt på faktura. Det blir ikkje gitt betalingsutsetjing. Ved forseinka betaling blir det påløpt morarenter i samsvar med lov av 17.12.76 nr. 100 og purregebyr i samsvar med lov av 13.05.88 nr. 26.
 
4.4 Ved val av elektronisk faktura (eFaktura, SMS- og e-postfaktura) blir det ikkje berekna fakturagebyr. Ved innkrevjing via bank-/ postgiro kjem fakturagebyr i tillegg, sjølv om ein har valt å bruke autogiro.
 
4.5 Ved forseinka betaling kan Distributøren stenge Tenestene, som blir halde stengt til betaling er registrert hos Distributøren. Dette gjeld også ved forseinka betaling for andre tenester frå Distributøren. Abonnenten får ikkje frådrag i Vederlaget for den tida Tenesta har vore stengt. Dersom Tenesta blir stengt kan Distributøren leggje til gebyr for stenging og gjenopning.
 
4.6 Med unntak for konsumprisjusteringar som nemnt i punkt 4.6 og punkt 4.7 skal Abonnenten bli gitt 1 månad varsel om endringar til Abonnenten sin ugunst. Varsling skjer i faktura eller på annan måte. Betaling eller bruk av Tenesta etter at endringa er  tredd i kraft, blir sett på som aksept. Dersom endringa er vesentleg har Abonnenten rett til å seie opp Tenesta med verknad frå når endringa trådde i kraft. Abonnenten er forplikta til å betale det nye Vederlaget inntil Utstyret er levert tilbake til Distributøren.
 
4.7 Vederlaget kan justerast årleg utan varsel, pr. 01.01 i samsvar med den årlege endringa i konsumprisindeksen (KPI), berekna i forhold til endringa i indekstalet pr. 15.11. siste år, samanlikna med føregåande år. Første indeksjustering vil skje ved første årsskifte etter at avtalen er inngått.                
 
4.8 Dersom Leverandøren får auka innhaldskostnader, nye eller auka offentlege skattar eller avgifter, opphavsrettslege avgifter, eller avgifter eller kostnader utanfor Leverandøren og Distributøren sin kontroll, kan Vederlaget bli endra med verknad frå iverksetjinga av endringa.
 
5. Abonnenten sine rettar og plikter
5.1 Abonnenten skal varsle Distributøren utan ugrunna opphald om endringar hos Abonnenten som har betyding for Tenesta. Herunder skal Abonnenten varsle Distributøren om endringar i fakturaadresse, kontaktperson i bedrifta eller dagleg leiar.
 
5.2 Abonnenten sitt Nett må til ei kvar tid tilfredsstille gjeldande reglar, og det må ikkje koplast til utstyr som ikkje er godkjent. Abonnenten er ansvarleg for at nett og utstyr ikkje gir forstyrringar i Distributøren eller andre abonnentar sine nett.
 
5.3 Abonnenten er ansvarleg for alt utstyr, herunder både Utstyret og eige utstyr, som er nødvendig for å nytte Tenesta.
 
5.4 Abonnenten skal behandle Utstyret i samsvar med brukarrettleiinga. Det er ikkje tillate å gjere inngrep i Utstyret. Distributøren er ikkje ansvarleg for problem med bruk av Tenesta eller andre forhold som følgje av inngrep i, skadar på eller feilaktig bruk av Utstyret.
 
5.5 Utstyr som er installert i samsvar med Avtalen kan berre nyttast på, og ikkje fjernast frå den adressa som er oppgitt i Ordrestadfestinga, eller som følgjer av godkjent adresseendring.
 
5.6 Abonnenten skal sjå til at uvedkomande ikkje får nytte Utstyret eller får tilgang til Tenesta. Distributøren er ikkje ansvarleg for tap eller skade som direkte eller indirekte kan bli tilbakeført til uvedkomande.
 
5.7 Abonnenten er sjølv ansvarleg for at tenester som blir levert med personlege kodar, herunder passord og PIN-kodar ikkje blir misbrukt og må endre oppsette kodar til personlege kodar straks Tenesta blir teke i bruk. Kodar skal bli oppbevart på forsvarleg vis slik at uvedkomande ikkje får tilgang til dei.
 
5.8 Utstyret er Leverandøren sin eigedom og kan ikkje bli selt, lånt ut eller på annan måte bli disponert i strid med Avtalen. Abonnenten er ansvarleg for misbruk, tap eller skade på Utstyret og skal utan opphald varsle Distributøren om slike forhold. Abonnenten skal ha forsikring som dekkjer mogleg ansvar for Utstyret.
 
5.9 Transport av Utstyr til service, reparasjon, oppgradering eller innbyte er Abonnenten sitt ansvar, også om nye tekniske standardar gjer det nødvendig å oppgradere eller byte ut Utstyret.
 
5.10 Ved oppseiing, heving eller anna opphøyr av Tenesta skal Utstyret straks leverast tilbake til Distributøren. Dersom Utstyret ikkje blir levert tilbake kan Distributøren krevje erstatning. Vederlaget samlar seg i så fall opp inntil Utstyret er registrert tilbakelevert.
 
5.11 Abonnenten må ikkje forsere elektroniske sperrer, låser, kodar eller på annan måte prøve å skaffe seg ugrunna tilgang til andre tenester, opplysningar, data, system eller anna som ikkje inngår i Tenesta og som ikkje er meint for Abonnenten (jf. straffelova §§ 145 og 262). Abonnenten må heller ikkje nytte eller spreie informasjon som ikkje er berekna på Abonnenten. Abonnenten er ansvarleg for at mindreårige ikkje får tilgang til tenester, som på grunn av innhaldet kan virke støytande eller skadeleg.
 
5.12 Abonnenten må ikkje gjere inngrep i Leverandøren sitt nett, eller på annan måte ulovleg motta tenester som ikkje er omfatta av Avtalen. Ulovleg mottak av tenester blir sett på som vesentleg misleghald. Leverandøren kan krevje vederlag og erstatning for Abonnenten sitt misbruk.
 
5.13 Abonnenten er ansvarleg for å sikre at signal som kan forstyrre Leverandøren sitt nett ikkje oppstår. Abonnenten pliktar å nytte apparatkabel som følgjer Leverandøren sine spesifikasjonar og sikre at nettet på si side av grensesnittet er i føreskriven stand. Oppgradering og utskifting av kablar eller anna materiell på Abonnenten si side av grensesnittet blir kosta av Abonnenten. Abonnenten sitt nett kan koplast frå utan forvarsel (jf. pkt. 13.1) dersom nettet sender forstyrringar eller ikkje avtalte signal over i Leverandøren sitt nett, og det ikkje kan utelukkast at dette vil påverke drift og signaloverføring i Distributøren sitt nett eller andre tilkopla nett. Abonnenten kan koplast til igjen når det er godtgjort at problemet er løyst. Abonnenten tek kostnadene ved både frå- og tilkopling og kan bli erstatningsansvarleg overfor Distributøren for tap eller skade som skyldast forstyrringar frå Abonnenten sitt nett og inn i Distributøren sitt nett.
 
6. Leverandøren og Distributøren sine rettar og plikter
6.1 Leverandøren kan til ei kvar tid endre innhaldet i Tenesta. Vesentlege endringar kan bli gjennomført med 1 månad varsel. Endringar som skyldast endringar i distribusjonsvilkår frå Leverandøren sine innhaldsleverandørar eller forhold utanfor Leverandøren sin kontroll kan bli gjennomført direkte.
 
6.2 Distributøren er ansvarleg for leveransen av Tenesta og for drift og vedlikehald på Distributøren si side av grens­esnittet mot Abonnenten. Ved avbrot eller vesentleg forstyrringar i meir enn 2 virkedagar etter at Distributøren har motteke melding om feilen frå Abonnenten, og som skyldast forhold Distributøren har ansvar for, kan Abonnenten krevje høvesvis frådrag i Vederlaget. Det blir ikkje gitt frådrag i etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av utstyr eller andre avgifter og gebyr. Abonnenten må omgåande melde feil til Distributøren.
 
6.3 Dersom Abonnenten flyttar, kan Avtalen berre bli oppretthalden dersom Distributøren kan levere Tenesta på den nye adressa og Abonnenten ikkje er i misleghald. Flytting kan medføre endra Vederlag.
 
6.4 Korkje Leverandøren eller Distributøren garanterer eller støttar noko produkt, tenester, transaksjonar eller innhald som blir distribuert eller marknadsført via Tenesta, og har ikkje ansvar for slike.
 
7. Service og feilretting
7.1 Distributøren yter service og feilretting innanfor dei til ei kvar tid gjeldande opningstider.
 
7.2 Ved servicebesøk er ikkje Distributøren ansvarleg for tapt arbeidsforteneste eller andre tap eller kostnader for Abonnenten.
 
7.3 Skyldast feilen Abonnenten sitt Nett, urett bruk eller uaktsemd hos Abonnenten eller andre forhold Abonnenten har ansvaret for, må Abonnenten sjølv koste service og feilretting. Dersom feilen skyldast Abonnenten sitt inngrep i eller skade på leigd Utstyr, kan Distributøren i tillegg krevje eit gebyr, som må betalast før nytt Utstyr blir utlevert.
 
7.4 Service og oppgradering av Utstyr må berre bli utført av Leverandør eller av autorisert reparatør godkjent av Leverandøren.
 
7.5 Abonnenten kan krevje utbetring innan 24 timar dersom tenestekvaliteten blir vesentleg forringa. Dersom slik vesentleg forringing skyldast forhold utanfor Distributøren sin kontroll, skal utbetring skje innan 2 virkedagar, under føresetnad av at det er innanfor Distributøren sin kontroll å foreta utbetring. Ved mindre forringingar kan Abonnenten krevje utbetring innan rimeleg tid.
 
8. Eigedoms- og disposisjonsrett
8.1 Med mindre anna er avtalt og med dei avgrensingar som følgjer av andre vilkår i Avtalen, har Abonnenten full rettsleg og faktisk disposisjonsrett over kabelføringa på si side av grensesnittet. Distributøren sin bruk av signal og administrasjonsutstyr i Abonnenten sitt nett skal vere i samsvar med gjeldande lovgjeving.
 
8.2 Med grensesnitt meiner ein koplingspunktet mellom Distributøren sitt nett og Abonnenten sitt nett.
 
8.3 Partane har rett og plikt til å utføre standard- eller forskriftsbestemte endringar i drifta av sine eigne nett. Dette gjeld sjølv om den andre part dermed må tilpasse, endre eller skifte ut eksisterande utstyr. Den andre part skal bli varsla i rimeleg tid før igangsetjing av endringar. Ved gjennomføring av endringar i nettet, pliktar parten å sørgje for at desse ikkje påfører den andre part sitt nett skade eller vesentlege forstyrringar utover det nødvendige.
 
8.4 Abonnenten sitt nett og alt tilhøyrande utstyr som finst innanfor avtalt definert grensesnitt for Abonnenten sitt nett er Abonnenten sin eigedom ved avtalen sitt utløp med mindre anna er skriftleg avtalt.
 
9. Framføring av kabel over Abonnenten sin eigedom
Distributøren har rett til å framføre luft- eller jordkabel for kabel- eller fibernettet sitt fram til andre kundar eller eigedomar frå/over Abonnenten sin eigedom og bygningar (under dette også utføre service og vedlikehald på nettet). Dette inkluderer rett til å ha nødvendige installasjonar på Abonnenten sin eigedom, under dette, men ikkje avgrensa til koplingsskap/boksar, samt installasjonar for elektriske og elektroniske koplings- og fordelingspunkt. Distributøren skal, så langt det er rimeleg, følgje Abonnenten sine ønske med omsyn til framføringsmåten og istandsetjing av areala etter slik framføring og/eller installasjon. Abonnenten pliktar å medverke til at det ikkje blir lagt hindringar i vegen for framføring, service og vedlikehald av Distributøren sitt nett eller installasjonar på Abonnenten sin eigedom. Abonnenten kan berre krevje vederlag for slik framføring eller installasjon dersom denne må bli sett på som særleg belastande for Abonnenten sin eigedom. Distributøren sin rett til i samsvar med dette punktet følgjer eigedomen, og skal bestå sjølv om kundeforholdet opphøyrer, der dette har betyding for framføring av signal til andre kundar.
 
10. Brukarrestriksjonar
10.1 Distributøren har rett til å iverksetje tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i Tenesta som blir sett på som nødvendige av tekniske, driftsmessige, vedlikehaldsmessige eller andre årsaker.
 
10.2 Abonnenten kan i slike tilfelle ikkje krevje høveleg frådrag i Vederlaget og Distributøren er utan ansvar for ev. tap eller kostnader som Abonnenten måtte bli påført.
 
11. Avtaleperiode/Oppseiing
11.1 Dersom ikkje anna er skriftleg avtalt i Ordrestadfestinga, har Avtalen ei varigheit på 1 år frå dato for tilknyting og start av signalleveranse (”Avtaleperiode”), og Avtalen kan i denne Avtaleperioden ikkje seiast opp av Abonnenten. Det er ein månad oppseiingsperiode etter at Avtaleperioden er over.
 
11.2 Distributøren kan seie opp Avtalen med 1 månad varsel. Ved vesentleg endring av forhold utanfor Distributøren sin kontroll kan Distributøren seie opp med direkte verknad.
 
11.3 Abonnenten blir gitt refusjon for eventuell førehandsbetalt abonnementsavgift ved Distributøren si oppseiing av avtalen. Det blir ikkje gitt refusjon for etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av Utstyr eller andre avgifter eller gebyr ved oppseiing eller stenging.
 
12. Misleghald frå Distributøren si side
12.1 Avvik i tenestekvalitet, eksempelvis ved forstyrringar, brot i leveransen eller andre forhold som medfører at Abonnenten ikkje mottek tilstrekkelege signal, blir sett på som ein mangel ved Tenesta. Dette gjeld ikkje dersom avviket skyldast Abonnenten, Abonnenten sitt Nett, eller andre forhold Abonnenten har ansvaret for. Leverandøren kan ikkje levere betre kvalitet enn det som følgjer av standarden på kabel- og fibernetta og kvaliteten på mottekne signal, og er ikkje ansvarleg for forstyrringar eller dårlegare kvalitet grunna slike forhold. Distributøren skal bli varsla omgåande dersom Abonnenten vil gjere gjeldande at Distributøren ikkje har oppfylt pliktene sine etter Avtalen.
 
12.2 Ved vesentleg misleghald frå Distributøren si side kan Abonnenten heve Avtalen.
 
12.3 Abonnenten kan krevje erstatning for det direkte økonomiske tapet sitt som skyldast mangel ved Tenesta. Dette gjeld likevel ikkje så lenge Distributøren godtgjer at mangelen skyldast hindring utanfor hans kontroll, og som han ikkje med rimelegheit kunne vente å ha teke omsyn til på avtaletidspunktet eller å unngå eller overvinne følgjene av. Indirekte tap, avleia skadar/tap eller følgjeskadar/tap blir ikkje erstatta i nokon tilfelle. Distributøren er heller ikkje ansvarleg for skade på person eller gods. Distributøren sitt samla erstatningsansvar er i eitkvart tilfelle avgrensa til Vederlaget for 1 månad.
 
13. Misleghald frå Abonnenten si side
13.1 Ved vesentleg misleghald av Avtalen eller andre avtalar med Distributøren frå Abonnenten si side, kan Distributøren stenge Tenesta eller delar av Tenesta. Slik stenging kan skje straks og utan varsel. Vesentleg misleghald gir også Distributøren rett til å heve Avtalen.
 
13.2 Som vesentleg misleghald blir rekna t.d. ulovleg inngrep i eller bruk av Utstyr, kortpiratering, brot på ein eller fleire av vilkåra i punkt 5 eller særskilte vilkår for den aktuelle tenesta, brot på offentlege reglar, misbruk eller forsøk på misbruk av Tenesta eller reglar for Tenesta, usømeleg åtferd, sjikane eller liknande. Betalingsmisleghald utover 14 dagar blir også rekna som vesentleg misleghald.
 
13.3 Dersom Distributøren hevar Avtalen, er Abonnenten forplikta til å betale alle forfalne og ikkje forfalne faktura, samt påløpt Vederlag, avgifter og gebyr som ikkje er fakturert på hevingstidspunktet. I tillegg kjem avgift og gebyr for ev. henting av Utstyr, brot på bindingstid, erstatning for Utstyr eller anna tap påført Distributøren, samt eventuelle renter og inkassogebyr.
 
13.4 Distributøren har etter at Tenesta er stengt, eller Avtalen er heva, rett til å nekte Abonnenten ny Avtale eller tilgang til Tenesta.
 
14. Overdraging
14.1 Abonnenten kan ikkje overdra Avtalen, Tenesta eller Utstyret til andre.
 
14.2 Distributøren kan overdra sine rettar og plikter etter Avtalen utan samtykke frå Abonnenten.
 
15. Tvisteløysing
15.1 Tvistar mellom Kunden og Leverandøren skal ein prøve å løyse på fredeleg vis. Dersom ikkje det let seg gjere, kan kvar av partane bringe tvisten inn for dei ordinære domstolane.
 
 
SÆRSKILTE VILKÅR FOR DIGITAL-TV - BEDRIFTSKUNDAR
1. Rettigheitsklarering og offentleg visning
 
1.1 Distributøren har ikkje ansvar for eventuell klarering av rettar overfor rettigheitsorganisasjonar (t.d. TONO, Gramo og liknande). Dette er Abonnenten sitt ansvar.
 
1.2 Abonnenten har ikkje lov til å spele av, kopiere, gjere og/eller vise fram opptak eller på annan måte endre kanalane sine programinnhald.
 
1.3 Abonnenten har ikkje lov til å gjere dei sendingane som blir mottekne frå Distributøren tilgjengelege ved offentleg visning, med mindre dette er særskilt avtalt med Distributøren. Med Offentleg Visning meiner vi visning av Tenesta for eit udefinert tal av ålmenta, t.d. i bar, restaurant, resepsjon, butikk eller venterom. Ved offentleg visning har Abonnenten sjølv ansvar for all klarering av rettar overfor rettigheitshavarar og deira organisasjonar. Abonnenten skal halde Distributøren skadeslaus ved alle krav frå rettigheitshavarar i samband med offentleg visning. Abonnenten pliktar å halde dei til ei kvar tid gjeldande vilkår for offentleg visning frå programleverandørane.
 
1.4 Brot på dette punktet blir sett på som vesentleg misleghald av Avtalen.
 
2. Programkort, PIN-kode og Kortavgift
2.1 Programkortet med tilhøyrande PIN-kode gir Abonnenten tilgang til Tenesta. Abonnenten kan berre nytte program­kortet saman med det Utstyret som er registrert på Abonnenten.
 
2.2 Ved tap eller skade på programkort som skyldast Abonnenten, blir Abonnenten belasta med eit gebyr for nytt programkort.
 
2.3 Vederlaget inkluderer ei kortavgift som dekkjer programkort-administrasjon, etablering/vedlikehald av dekodaren og oppdatering av Elektronisk Program Guide (EPG).
 
2.4 Programkortet blir oppdatert når innbetaling av Vederlag er registrert hos Leverandøren seinast ved forfall. For oppdatering må Utstyret vere slått på og programkortet sett inn.