Kva leitar du etter?

Tussa Cloud Connect - sikker skybackup

Cloud Connect er ein enkel og effektiv måte å sikre bedrifta sine data på som dekkjer 3-2-1 regelen for datalagring. Med vår Cloud Conneckt-løysing sikrar du backupen din i Tussa datasenter. Denne tenesta er for dei som nyttar Veeam backup.

Mange bedrifter har eigne backupsystem knytt til serverlokasjonen, men har ofte ikkje sikker oppbevaring av backupdata på ein annan fysisk lokasjon. Med Veeam Cloud Connect til Tussa, vert backupen din kopiert inn i Tussa sitt datasenteret utan den kostnaden og kompleksiteten som må til for å skaffe seg ein eigen off-site backup infrastruktur.

Med tenesta Veeam Cloud Connect frå Tussa, får di bedrift ein heilintegrert, sikker og rask måte å kjøre både backup og restore direkte frå Tussa skya.

Kunden har kontroll på data og backupjobbar
Alle data vert kryptert, og ein har full kontroll frå lokalt Veeam konsoll. Det er alltid kunden som eig data, og krypteringsnøkkel er generert i lokal Veeam installasjon. 3-2-1 regelen
3-2-1-regelen seier at bedrifter bør ha tre kopiar av dataene sine, lagra på to typer medier, med ein kopi lagra eksternt. Å få sikkerhetskopiar eksternt kan være ei utfordring m.a. på grunn av begrensa bandbreidde, raskt veksande datamengder og mangel på ressursar som trengs for å bygge opp og drifte løysingane. Tussa Cloud Connect gjev deg ei løysing som innfrir 3-2-1-regelen.

Backup som teneste
Dersom du ynskjer å setje bort arbeidet med backup, leverer vi både lokal og skybasert backup som er fullt ut drifta og overvåka av Tussa IKT.

Ingen ekstra lisensar
Veeam Cloud Connect funksjonen er allereie inkludert i Veeam Availability Suite, Veeam Backup & Replication og Veeam Backup Essentials. Kostnad er knytt for forbruk av lagring.

Også for Klientar
Cloud Connect kan også nyttast direkte frå klientar for sikring av lokale data.


Ta kontakt

Kontakt oss for ein demo eller brukarnamn og passord for Tussa Cloud Connect så søv du litt betre!