Sentrale tenester
Overvaking

Overvaking

Vi tilbyr overvaking ved hjelp av profesjonelle verkty, eigen driftssentral og døgnbemanna vaktsentral.

Kva vert overvaka
Det vanlegaste å overvake er kommunikasjonslinjene, og at servarar og kritisk utstyr fungerer som det skal. Vi har lang erfaring i overvaking og nyttar HP OpenView som den sentrale overvakingsløysinga.
 
Informasjon om tilstanden på ulike komponentar kjem frå løysingar som er designa spesielt for å overvake desse produkta. Like viktig som å få meldingar om feil er det å få varsel om hendingar som kan inntreffe og sjå trendar over tid.
 
Ved hjelp av gode rapporteringsverkty kan du få presentert korleis løysinga di utviklar seg slik at du i god tid kan planlegge tiltak.
                                                                   
Kva om noko skjer
Vi handterer ulike hendingar på ulik måte. Vi kan anten informere deg om at noko har skjedd eller vi kan sjølve gjere rettingar slik at ikkje verdifull tid går tapt. Dette vil vere avhengig av kva tilgang og tilleggstenester som er avtalt mellom oss og kunden.
 

 

Kontakt oss i dag!