Sentrale tenester
Housing

Leige av serverrom

Om du vil sikre eige IT-utstyr, kan du leige plass hos oss. Med elektronisk adgangssystem og låsbare rack i eiga sone, får du ditt eige, private datarom i datasenteret vårt. Avbrostsfri straumforsyning, redundante kjølesystem og vern mot brann, vatn, støv og røyk er fellesfunksjonar for heile datasenteret.

Å drifte eige datarom/datasenter er kostnadskrevjande og risikofylt. Straumtilførsel er ofte knytt saman med andre delar av bygget noko som gjer at du ikkje har kontroll på effektforbruket, med risiko for at sikringar kan slå ut.
 
UPS-ar har kort levetid, er dyre og ofte lite fleksible å effektoppgradere. I tillegg må du til ei kvar tid ha kontroll på kjøling, og kanskje eit separat brannsløkkingsanlegg som ikkje skadar elektronikk og data.
 
Med leige av datarom i vårt datasenter får du:
  • Lokal fiber som gir deg full aksess til dataene dine natt og dag.
  • Du kan kjøpe ulike driftstenester knytt til det utstyret som vert plassert her. Dette gir deg same fridom og kontroll som du er van med, med eit driftsmiljø utan sidestykke.
  • Om bedrifta di har behov for spegla løysingar, kan vi tilby dette mellom dei to lokasjonane våre i Ørsta og i Herøy.
  • Full feiltoleranse på alt frå aggregat, UPS, kjøling, osb.
  • Overvaking 24/7/365, med døgnbemanna vakt
  • Eige EMP sikra sone for kritisk datalagring
  • Alle sonene er sikra med loggført adgangskontroll

Kontakt oss i dag!