Sentrale tenester
Serverleige

Kapasitet/Serverleige

Med denne tenesta kan du køyre dei dedikerte serverane dine i eit sikkert miljø med alle nødvendige fasilitetar.

Du vel sjølv kor ofte du til dømes vil ha backup, og kva yting serverane dine skal ha. For dette betalar du eit fast månadleg beløp. Denne tenesta blir brukt både av kundar som har ASP (alle serverar hos oss) og også einskildkundar som har kritiske system dei ønskjer at vi skal ta ansvaret for.
 
Ein annan innfallsvinkel er at bedrifta har bestemt at dei ønskjer å fokusere på kjerneverksemda, og vel difor at vi skal ta ansvaret for utvalde IT-system.
 
Fordelar med tenesta:
  • Sytalaust - Serverane dine blir overvaka og drifta 24/7-365
  • Svært høg sikkerheit – tilgangskontroll – og feiltoleranse til fleire soner/datarom
  • Du slepp å bruke eigne ressursar til drift og administrasjon av serverane dine
  • Du kan stryke mange kostnader du har i dag, til dømes:
    • Lisens: Microsoft server, Antivirus, VmWare, Backup
    • Service: Serviceavtalar på hardware
    • Ressursbruk
    • Kostnader ism serverromsfasilitetar, t.d. UPS, Straum, kjøling m.fl.
  • Fleksibelt – du kan "skru på krana" og auke/minske yting/kostnad etter behov
  • Tenesta gir deg og tilgang til Servicedesken vår som står til teneste om du treng bistand
  • Du får full fokus på kjerneverksemda di
 

Kontakt oss i dag!