Sentrale tenester - serverleige, overvaking av utstyr og servicedesk

Hos oss kan du leige kapasitet til ein eller fleire servere. Vi tilbyr også overvaking av kommunikasjonslinjer, servere og anna kritisk utstyr. Med servicedesk hos Tussa får brukarane tilgang til IT-kompetanse via e-post, internett og telefon.

Auka effektivitet med andre driftsytingar
Dersom du kombinerer vår servicedesk-teneste med anna driftsbistand vil vi kunne hjelpe deg med tilgangar og andre utfordringar – utan å måtte involvere andre.
 
Mange problemstillingar brukarane har er knytt mot passord-problematikk og spørsmål om tenestar dei nyttar er tilgjengelege. Ved hjelp av ei driftsavtale eller overvaking vil vi raskt kunne hjelpe deg med slike spørsmål. På den måten vil du auke effektiviteten for dine tilsette.
 
Vi skreddarsyr tenester etter dine behov!
 

Kontakt oss så hjelper vi bedrifta di med å gjere
dei rette vala!