Steikje sytalaust
Tussa Serverhousing.jpg

Tussa Serverhousing

Våre ekspertar i Tussa Datasenter i Ørsta, vil ta godt vare på serverane dine. I Tussa datasenter er det til ei kvar tid optimalt klima som beskyttar sårbar teknologi. I tillegg har vi eit av marknadens mest miljøvenlege og energieffektive senter, basert på 100% fornybar energi med varmegjenvinning.

Tussa Datasenter
Med Housing og Co-location tenesta til Tussa IKT, kan du til konkurransedyktige prisar trygt plassere datautstyr i vårt datasenter som er basert på Tier 3. 
Høgaste sikkerheitsstandard, sikker straumtilførsel og svært effektiv og miljøvenleg klimakontroll, sikrar deg uforstyrra drift dag og natt, året rundt. Med mange sikkerheitsnivå, garanterer vi ein trygg heim for serverane dine.

100% fornybar energi
Vi matar datasenteret vårt med 100% fornybar energi frå vasskraft som vert produsert ved fjordane under Sunnmørsalpane. Her er fleire uavhengige føringsvegar med tilhøyrande transformatorar, nødstraumsaggregat og UPS’ar, som sikrar kontinuerleg straumtilgang i datasenteret. 
Varmen som vert generert av serverane, vert til effektiv oppvarming av kontorlokale ved å bruke av høgeffektive varmevekslarar.

Høghastigheits fiber
Det er nær uavgrensa tilgang på høghastigheits fiber ut frå Tusssa datasenter. Fiberen går i fleire uavhengige føringsvegar heilt fram til NIX og andre sentrale nodar i Oslo.
 
Prisstruktur
Månedspris pr. Rack 42 U
Månedspris pr. 1 U


Kontakt oss så avtaler vi eit uforpliktande møte!

 

Norodd Dyrhovden
Norodd Dyrhovden
Sals-og produktsjef IKT Bedrift
norodd.dyrhovden@tussa.no
Tlf: 70 04 64 64
Mobil: 922 96 776
Last ned VCF