Steikje sytalaust
Tussa Filsky.jpg

Tussa Filsky - sikker fildeling

Ved bruk av klient for PC eller Mac vil data i Tussa Filsky være like raskt tilgjengelig som andre filer som du har på harddisken. Du kan også nytte Tussa Filsky gjennom nettlesar eller app til dei fleste mobile einingar.

Synkronisering av data
Tussa Filsky er ein delingsteneste for bedrifter, for å utveksle datafiler og dokument på ein sikker måte. Ved å bruke Tussa Filsky kan ein lagre, dele og synkronisere data mellom ulike klientar og brukarar. Ein får tilgang til Tussa Filsky gjennom Windows PC eller MAC. I tillegg er Tussa Filsky tilgjengeleg via ein App installert på smarttelefon eller nettbrett og gjennom web-browser som også kan integrerast mot Office Web Apps.

Tussa Filsky kan samanliknast med tenester som Dropbox og OneDrive, men har fuksjonar som gjer det enklare med ein saumlaus integrasjon mot eksisterande system. I tillegg kan du dele arbeidsområde og filer med kollegaer og samarbeidspartnarar på en enkel og sikker måte.

Samhandling og kontroll
Med denne tenesta kan du administrere rettigheiter, brukarar og ein del andre funksjonar for din organisasjon. Ein kan opprette fellesmapper, sette opp versjonshandtering, bestemme lagringskvote for den enkelte brukar og bestemme kor lenge sletta filer skal kunne gjenopprettast. 

Backup/restore
Tussa Filsky inneheld ikkje tradisjonell backup eller restore funksjonalitet. Men som brukar har du moglegheit til å oppbevare fleire versjonar av data slik at du kan hente tilbake tidligare versjonar, og du har i ei viss periode moglegheit til å hente tilbake data du har sletta. Det er superbrukar i bedrifta som bestemmer kor mange versjonar du kan ha av filene dine og kor langt tilbake i tid du kan hente tilbake sletta data.

Alle data er lagra i Tussa sitt moderne og miljøsertifiserte datasenter i Ørsta.
 

Kontakt oss for å bestille tenesta!

 

Norodd Dyrhovden
Norodd Dyrhovden
Sals-og produktsjef IKT Bedrift
norodd.dyrhovden@tussa.no
Tlf: 70 04 64 64
Mobil: 922 96 776
Last ned VCF