Steikje sytalaust
Tussa Cloud asp.jpg

Kontorpakke Proff - ditt mobile kontor

Kontorpakke Proff er kanskje den mest komplette IT-løysinga for bedrifter som vil ha det enkelt, tilgjengeleg og sikkert. Alt av programvare og data er samla i Tussa Datasenter og er til ei kvar tid tilgjengeleg frå alle lokasjonar og på dei fleste klientplattformar. Med andre ord «steikje sytalaust»

Programvare som berre virkar
På Tussa sin serverpark installerer vi programma som du brukar i den daglege drifta di. Ved å kople deg til server-parken vår over eit sikra samband gjennom internett, kan du jobbe like lettvint som på di eiga datamaskin.

  • Alltid tilgjengeleg
  • Sikkert
  • Skalerbart
  • Faste kostnader
  • Lokal og profesjonell brukarstøtte
For kven
Den typiske brukargruppa er den vanlige kontorbrukaren med behov for å ha ein sikker og fleksibel tilgang til kontor-applikasjonane. Brukarane kan vere faste kontorbrukarar med ein tynnklient, eller mobile brukarar med behov for å nå tenestene når dei er på reise eller på heimekontor.
Typisk for denne brukargruppa er at IT er eit redskap for det arbeidet dei skal utføre, og dei er mest opptatt av at alt skal fungere sikkert, stabilt og sytalaust. 

Tryggleik
Kontorpakke Proff gir deg tryggleik på mange nivå. Alle data er trygt lagra i Tussa sitt moderne og miljøsertifiserte datasenter i Ørsta. Kun autoriserte brukarar får tilgang.
Sikkerheitskopi av produksjondata vert lagra på annan lokasjon, slik at dokument og databasar kan gjenskapast om noko uforutsett skulle skje.
 


Norodd Dyrhovden
Sals-og produktsjef IKT Bedrift
norodd.dyrhovden@tussa.no
Tlf: 70 04 64 64
Mobil: 922 96 776
Last ned VCF
Kontakt oss.png