Konsulent
Nettverk - kartlegging og design av trådlaust nett

Nettverk - kartlegging og design

Vi har laga ein metodikk for strukturert gjennomgang av soner der det anten er eksisterande trådlaust nett eller ynskje om å setje opp sikre trådlause nett.

Med eit godt trådlaust nettverk får ein:
  • God tryggleik
  • Opptimal kapasitet 
  • Effektivt arbeidsmiljø
  • Stabilt nettverk
  • Spart tid på support
Kva måler vi?
Dei færraste veit at signalstyrke berre er ein av faktorane som påverkar kvaliteten til det trådlause nettverket. Like viktig er ein visuell inspeksjon der vi ser på kva plassering og montering som er optimal ut frå bygnings-type og konstruksjon. I tillegg blir det gjort målingar av signalstyrke, interferens og andre støykjelder.
 
Vi brukar profesjonelle verkty frå dei største leverandørane, og vi har konsulentar som kan analysere målingane og setje fingeren på eventuelle problemområde.
 
Behovsavklaring
Vi hjelper kunden med å formulere krava til nettverket ut frå kva det skal brukast til. Vi treng då ei planskisse over bygningsmassane.
 
Kartlegging av eksisterande miljø
Vi kjem på plassen med ein kommunikasjonskonsulent og ein del utstyr for å kunne gjere ei grundig kartlegging av det fysiske miljøet.
 
Rapportering og forslag til tiltaksplan
I etterkant av datainnsamlinga vil konsulenten vår saman med ein kunderådgjevar lage ein rapport der dagens status er godt dokumentert. Dette vert då sett i forhold til dei behova som vart formulert for nettverket. Det vil òg bli foreslått ein handlingsplan, med tiltaka i prioritert rekkefølgje. Dette vert presentert i eit oppsummeringsmøte.
 
Pris for denne kartlegginga er i kampanjeperioden kr 5 900,- eks mva. (Arealavgrensa opp til 1 000 m2)
 
 

Kontakt oss så hjelper vi bedrifta di med å gjere dei rette vala!

Ring oss eller send ein e-post til itsal@tussa.no