IT-drift

Vedlikehald Tussa Datasenter

For å halde datasystema oppdatert og for å sikre ei god oppetid for brukarane, er det viktig med periodisk vedlikehald. Vi har delt opp vedlikehaldet i tre kategoriar, tungt vedlikehald, vedlikehald og lett vedlikehald.

vedlikehald datasenter.jpg
Tungt vedlikehald
Når vi tek tungt vedlikehald, vil vi gjere større oppgraderingar. Dette vil medføre at IT-systema vil vere utilgjengeleg i den perioden vedlikehaldet varer. Vi har no valt å ta tungt vedlikehald i helgar. Vi har ikkje sett opp når dette skal skje, men vi kjem til å gi varsel i god tid, og minst ei veke før.

Vedlikehald
Under vedlikehald vil vi ta programoppdateringar og oppgraderingar av operativsystem (sikkerheits-oppdateringar). Den 3(4) veka i månaden vil vi køyre vedlikehald på alle system. Vedlikehaldet startar tysdag 17:00 og avsluttast torsdag 06:00. Det er kun onsdag frå 17:00 til torsdag morgon 06:00 det kan verte sporadiske stopp i produksjonen. Brukarane kan då merke delvis nedetid av systema.

Lett vedlikehald
Den 1(2) onsdagen i månaden klokka 17:00, eller etter avtale, installerer vi innmeldte programoppdateringar. Nedetid vil vere avhengig av omfanget og om applikasjons-eigarar har meldt inn programoppdateringar. I juli er det redusert bemanning grunna ferieavvikling, og det vert kun utført innmeldte oppgraderingar xx. Juli, eller etter spesiell avtale.
 
Programoppdateringar
Det er mogleg å bestille program-oppdateringar til den 1(2) og 3(4) onsdagen i månaden, eller etter spesiell avtale. Skal vi utføre programoppdateringar, ber vi om at dette vert bestilt via Servicedesken vår (servicedesk@tussa.no). Deretter må media sendast. Vi må ha bestillinga tilsendt innan fredag før vedlikehaldskvelden.
For oppgraderingar som skal utførast for housing og driftskundar, ber vi om at tekniske kontaktperson hos Tussa IKT AS vert ført på.
 
På følgjande datoar har vi planlagt vedlikehald frå 17:00, eller etter avtale
 
2017
 Type vedlikehald
Onsdag 12. juli
Lett vedlikehald
Onsdag 26. juli
Lett vedlikehald
Onsdag 16. august
Lett vedlikehald
Onsdag 30. august
Vedlikehald
Onsdag 13. september
Lett vedlikehald
Onsdag 27. september
Vedlikehald
Onsdag 11. oktober
Lett vedlikehald
Onsdag 25. oktober
Vedlikehald
Onsdag 15. november
Lett vedlikehald
Onsdag 29. november
Vedlikehald
Onsdag 06. desember
Lett vedlikehald
Onsdag 20. desember
Vedlikehald
Om de veit at det er datoar der vi ikkje kan ta ned systema heilt eller delvis frå kl. 17.00, ver venleg å gi beskjed i god tid. Vi vil prøve å tilpasse vedlikehaldet slik at det passar best for bedrifta dykkar. For eventuelle spørsmål, ta kontakt.