IT-drift
Tussa ASP - sikkert ,stabilt og sytalaust!

Tussa ASP

ASP står for Application Service Provider, fritt omsett til IT-drifts-leverandør. På Tussa sin serverpark installerer vi programma som du brukar i den daglege drifta di. Ved å kople deg til serverparken vår over eit sikra samband gjennom internett, kan du jobbe like lettvint som på di eiga datamaskin.

 
  • Alltid tilgjengeleg - frå alle lokasjonar
  • Høg sikkerheit med eingongspassord
  • Høg oppetid
  • Fast månadspris
  • Lokal og profesjonell brukarstøtte
  • Svært fornøgde brukarar
  •  
    Tryggare og enklare kvardag
    Ved å setje vekk IT-drifta til oss er bedrifta di sikra trygg datalagring og stabil drift av alle program. Vi syter for alt frå dagleg drift via antivirusløysingar til backup med faste intervall.
     
    Fridom
    Du slepp å bruke tid på å syte for at datamaskinene dine til ei kvar tid er oppdaterte med det siste av programvare og tryggleiksløysingar. Du slepp også å møte krav om kunnskap og oversikt for å halde bedrifta sine IT-system i stabil drift. Den jobben tek Tussa.
     
    Økonomi
    ASP-løysinga er kostnadseffektiv. I tillegg til lågare driftsutgifter kan du budsjettere med ein fast kostnad pr. månad for kvar brukar. Du betalar berre for brukarar du har, noko som gjev fleksibilitet ved justeringar i organisasjonane. Du slepp å investere i nye serverar, og levetida på PC-ane aukar.
     
    Brukarstøtte
    Om kundane våre møter på problem er ikkje hjelpa langer enn ein telefonsamtale unna; Tussa ServiceDesk er Tussa sitt eige driftssenter, og medarbeidarane her har høg kompetanse og lang erfaring med kundehand-saming.
     

    Kontakt oss i dag!