IT-drift
Serverdrift

Serverdrift

God drifting av serverar er noko som til tider vert nedprioritert i ein hektisk kvardag for firma som har andre fokusområde enn IT.

I tillegg er kostnadene med å ha ein server i eit serverrom med tilhøyrande kjøling, sikkerheit og så vidare, ofte høge når ein ikkje har stordriftsfordelar.
 
Vi tilbyr serverdrift frå topp moderne lokale der sikkerheita er ivareteken på mange ulike måtar. Ved datasenteret vårt har vi mellom anna følgjande:
  • God adgangskontroll
  • Fleire straumkretsar
  • God kjøling frå separate løysingar
  • UPS-løysing
  • Eiga brannsone
  • Eige rom for datalagring som er skjerma mot
        elektromagnetisk stråling
  • Vi tek på oss oppgåva med å ha serveren din oppdatert til ei kvar tid. Vi tilbyr alt frå enkel serverdrift av ein server til ei løysing der du kjøper virituell serverkapasitet ut frå behov.
     

    Vi driftar serverane dine, slik at du kan ha fokus på kjerneområdet ditt!
    Kontakt oss på itsal@tussa.no