IT-drift
Tussa databasedrift!

Databasedrift

Med bedriftskritisk data plassert i databasar, er det viktigare enn nokon gong for bedrifta di å overvake og sikre ei stabil database-drift.

Database-overvaking
  • Overvaking av alarmar i normaltida frå kl. 08.00 - 16.00
  • Vidareformidling av meldingar innan to timar
  • Logging av alarmar og hendingar 24 timar i døgnet
  • Rapportar ved behov
Føresetnader
  1. Installert dbWatch-agent på database-server
  2. VLAN/VPN samband mellom kundeserver og dbWatch-server hos Tussa Management
  3. HP Operation-agent ute hos kunde for full integrasjon
 
Full kontroll
Ved å kombinere driftserfaringa vår og IT-tenestene våre med verktyet dbWatch, vil du kunne ha god kontroll over alle databasene dine.
 
Rask og profesjonell oppfølging
Alarmane vil kome automatisk inn i Tussa sitt eksisterande overvakingssystem og bli følgt opp av den bemanna 2-linje-tenesta vår. Dette vil sikre deg rask og profesjonell oppfølging av dei mest verdifulle dataene dine. Vidare oppfølging av alarmar vert avtalt direkte med deg som kunde.
 
Rapportar som inneheld data over ei lengre tidsperiode vil hjelpe deg å gjere dei rette tiltaka. Databasar som i starten er små og enkle kan over tid bli så store at det kan vere føremålstenleg å gjere strukturelle endringar. Slike trendar vil ein kunne sjå i rapportar som innneheld historiske data.
 
Tussa har sjølv god erfaring med produktet til internt bruk. I tillegg har vi fleire installasjonar i ulike miljø hos fornøgde kundar som nyttar verktyet i dag.
 

Vi overvakar og sikrar ei stabil database-drift for bedrifta di.
E-post: itsal@tussa.no