Datautstyr
Nettverksutstyr

Nettverksutstyr

Nettverket i bedrifta møter stadig nye utfordringar. Dette gjeld auke i datatrafikk, sikkerheit, oppetid, drift og overvaking.
 
I eit større nettverk er det avgjerande at du har verkty og utstyr som gjer at du raskt kan avdekkje feil og flaskehalsar i nettverket. 
 
Trådlause nett
Trådlaust nettverk, (WLAN) vert stadig meir nytta som supplement til det kabla nettverket, og stadig fleire av brukarane forventar å kunne nytte trådlause klientar, anten det er mobiltelefonar, nettbrett eller berbare PC-ar. Det er difor særs viktig at du gjer ein god jobb i planlegginga av trådlause nett, der dekning, kapasitet og ikkje minst sikkerheit vert ivareteken.
 
Vi tilbyr dekningsmåling som kartlegg ev. utfordringar rundt støy, byggstruktur m.m. Ei slik kartlegging vil gje eit godt grunnlag for plassering av trådlause aksesspunkt, og vi kan setje opp tilrådd utstyr basert på kva ønskjer og krav du har.
 
For ei rekkje kundar driftar vi både trådlause bedriftsinterne nett og gjestenett.
 

Kontakt oss så hjelper vi bedrifta di med å gjere dei rette vala!