Service

Termografering

Termografering er kort fortalt ein kontroll med varmesøkande kamera. Med termografi kan vi kontrollere anlegg i full/normal drift, utan inngrep i installasjonen*. Termografi er berøringsfritt, noko som gjer at tryggleiken rundt kontrollen er ivareteken. Denne type kontroll set oss i stand til å finne feil og avvik som elles er vanskeleg å sjå. Vi finn både alvorlege feil som kan innebere både brannfare og personfare, men også slitasje og mindre avvik som på sikt kan føre til driftsstans og/eller fare.

Andre bruksområde innan elektro vi nyttar termografi til kan vere feilsøking, påvising av varmekabel, verifikasjon etter utført service/reparasjon osb.

Termografi er også mykje brukt innan mange andre fagfelt, og rett brukt er dette sett på som svært presist.

Kontrollen vert utført av DNV-sertifisert personell med god erfaring innan drift og service av elektriske installasjonar og anlegg.

* Avskjermingar, tildekningar i tavle. o.l. må til ei viss grad fjernast for å kunne utføre kontrollen.