Lys og lysstyring

Lysstyring til Rolls Royce Marine

Tussa Installasjon har gjennomført eit pilotprosjekt saman med Rolls Royce Marine, der vi har installert energisparande damparmatur i tre produksjonshallar i Brattvåg. I marknaden har det pr. dags dato ikkje vore noko gode erstatningar på lys i store hallar. Tussa Installasjon er no først i Skandinavia til å installere ei slik løysing.

Rolls Royce ønskte å oppgradere hallane sine frå 300LUX til 500LUX, men på same tid ønskte dei å spare inn 40 % på straumbudsjettet sitt.

-Etter å ha gått i dialog med fleire av underleverandørane våre kunne Tussa Installasjon presentere ei løysing med Fagerhult som vi er først i Skandinavia til å levere, fortel Per Kristian Kile, avdelingsleiar for industri og telecom i Tussa Installasjon.

Dette er damparmaturar (T5) med dali-dimming og sentralstyring som hentar informasjon frå dagslyssensorar og rørslesensorar. Med denne styringa vil lampane dimme seg ned om vindauga slepp inn nok dagslys til å oppnå 500 LUX. Samstundes vil systemet overvake aktiviteten i hallane og dimme ned armaturar med opptil 80 % dersom der ikkje er aktivitet i hallane. Ein kan og fjernstyre lyset frå SD-systemet dei nyttar på anlegget.

Dei nye armaturane vil gi ein årleg spareverdi på opptil 60 % på straum og service for Rolls Royce Marine.

I første omgang har Tussa Installasjon levert dette anlegget til tre av hallane til Rolls Royce, men ytterlegare 7 hallar er oppe til vurdering.