Automasjon
Frøyanes_stort.jpg

Maritim Automasjon

Vi har sidan 1995 levert ca. 300 framdrifts-kontrollsystem for skip. Kundane våre er typisk gir- og propelleverandørar som treng kontrollsystem til framdriftsanlegga sine.
 
Dette er eit av produkta som vi har utvikla i dei seinare åra. No er Finnøy gir og propellar, Mekanord og Siemens store kundar av oss.
 
Fabrikkstyringar for fiskebåtar
Kundar innan maritim automasjon er og leverandørar av mekanisk utstyr for behandling av fisk, og produksjon av fiskemat om bord.
Her består leveransen vår normalt av PLS-styring og styreskap med startarutstyr for motorar og automatikk.