CPP-control levert Cristina E


Eit standard anlegg blir levert med frå 1 til 5 panel, derav normalt 1 står som Master Bridge Panel (MBP), 1 til 3 slavepanel (SP1 – SP3) står på brua, og 1 i kontrollrom/maskinrom.

Styrepanela kontroller framdrifta på skipet via elektromekanisk aktuator på gearanlegget som styrer propellstigning,  og overføring av styresignal for Clutch, og motorturtal til hovudmaskin.

Lastkontroll
Vårt system har også lastkontroll, og vern av hovudmotor mot overlast. Systemet reduserer automatisk propellstigning ved overlast, basert på lastsignal gitt av hovudmotor og turtal for hovudmotor. Alt kalkulert i PLS-en basert på innlagt lastkurve for hovudmotor.

Vi har levert system både for reint dieselmekanisk, dieselelektrisk, og kombinasjonar av dette (hybrid), på anlegg frå 1 til 4 motorar/propellar.

Systema våre har vist seg å vere svært pålitelege, og det oppstår svært sjeldan feil. Om feil oppstår har vi servicetelefon 24/7, og kan rykke ut på oppdrag på kort tid.

Sidan all utvikling av programvare skjer hos oss, har vi god kontroll på anlegga sin funksjon, og vil enkelt kunne korrigere og forbetre anlegga om det er aktuelt, eller det er behov for tilleggsfunksjonar som tilkopling til VDR, (Voyage Data Recorder), Joystick eller DP system.

Klassing
Anlegga våre er klassetesta mot dei fleste kjende klasseselskap sine regelverk,  som DNV, Lloyds, Burau Veritas, ABS CCS, GL , og dei har alltid blitt aksepterte av klasseselskapa sine kvalitetskrav.