Automasjon

Behovsstyrt ventilasjon

Behovsstyrt ventilasjon
Ved behovsstyring av ventilasjon vil ventilasjonsanlegget bli styrt slik at viftehastigheita blir regulert etter behov, basert på signal frå temperatursensorar og CO2-måling. (Temperatur og luftkvalitet).

På denne måten kan store energimengder sparast når eit rom står tomt, og behovet for ventilering ikkje er der.

Kvart enkelt rom som ikkje er i bruk kan avstengast med motorstyrte VAV-spjeld, og behovet for ventilering blir redusert som følgje av dette. Systemet regulerer då automatisk ned viftehastigheita, og dermed straumforbruket på både vifter og oppvarming. (Redusert ventilering gir redusert behov for varmetilførsel)

I mange tilfelle kan energibruken til oppvarming reduserast med 50 % ved bruk av behovsstyrt ventilasjon.