Bedrift

E-post og filfaktura

Næringskundar kan velje å motta faktura på e-post eller fil.

E-postfaktura

Faktura vert sendt ut i ein e-post med fakturavedlegg i pdf-format og link til Di side. E-postfaktura kan opprettast på www.tussa.no - Di side - Kundeprofil. Dersom de treng hjelp til å opprette e-postfaktura eller har mange kontraktar, kan de sende e-post til kundesenter@tussa.no med informassjon om kva e-post-adresse fakturaen skal sendast til og kva kontraktar det gjeld.
 
 

Filfaktura

Importer fakturafil direkte til økonomisystemet. Tussa nyttar Nets som meldingssentral (aksesspunkt). Filfakturering passar for alle bedrifter med eit økonomi- eller fakturahandteringssystem som har mottakaravtale for elektronisk faktura frå ein meldingssentral.