Byggjestraum
gravemaskin.jpg

Byggjestraum

Mellombels straumuttak frå anleggskasse i byggjeperioden

Anleggskasse tingar du frå entreprenørseksjonen i Tussa, eller av ein entreprenør/installatør som er godkjent for å arbeide i Tussa Nett sitt kraftnett. Utbyggjar kan også kjøpe si eiga anleggskasse. Hugs å inngå avtale med ein straumleverandør også for mellombels anlegg som dette.
 

Nettleige anleggskasse

Nettleiga frå Tussa Nett vert fakturert ut frå storleik på hovudsikringa på anleggskassa. Nettleiga er den same for anleggskasse som for eit permanent straumuttak med tilsvarande sikringsstorleik. Straumforbruket vert fakturert av straumleverandøren, og leige for anleggskassa vert fakturert av installatør/entreprenør som eig kassa. 
 
Sikringsstorleik
Fastledd (kr/år)
Energiledd (øre/kWh)
80 A og mindre
2 500
21,25
80 til 200 A
5 000
21,25
I tillegg kjem forbruksavgift 15,49 øre/kWh og avgift til Energifondet (Enova) 1,25 øre/kWh. Alle prisar er inkl. mva.
 

Tidsavgrensa

Eit mellombels straumuttak er tidsavgrensa, og skal takast ned straks den permanente installasjonen kan koplast til kraftnettet.
 
Bestill anleggskasse
 
 
 
 
 
 
DI SIDE
 

Gløymt PIN-kode?    Ny PIN-kode?

 
phone.png
Kundeservice: 70 04 61 00
Sentralbord: 70 04 62 00