KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)
Produkt
 


Tussa Kraft AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 63 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Tussaprisen 2010 til Runde Miljøsenter

Tussaprisen vert delt ut til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar som merkjer seg ut på ein positiv måte og arbeider i tråd med Tussa sine verdiar og satsingsområde. I 2010 går prisen til Runde Miljøsenter.

Nils Roar Hareide frå Runde Miljøsenter saman med konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal
 
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Den grunnleggjande tanken med forskingssenteret på Runde er å etablere infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet, samt å fremje berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Dette er i tråd med Tussa sin visjon om å ha kraft til å skape miljøvennlege og framtidsretta løysingar. RMS er difor ein naturleg mottakar av Tussaprisen 2010.
 
Tussa er opptekne av å betre klimaet og miljøet. Vi har mellom anna bidrege til kommunale klimaplanar, er aktive med utprøving og utbygging av fornybare energikjelder som bølgjekraft, vindkraft og biobrensel, og har 15 vasskraftverk som utgjer hovudgrunnlaget for kraftproduksjonen vår. Runde Miljøsenter har vore ein  viktig tilretteleggjar i samband med  testanlegget for bølgjekraftverk på Runde.
 
Arbeidet som vert lagt ned ved Runde Miljøsenter viser at eit sterkt engasjement, og stå-på-vilje fører fram til resultat. Dei lever såleis godt opp til visjonen sin om å auke kunnskapen om lokalt miljø, gjere det unike miljøet på og ved Runde internasjonalt kjent, skape arbeidsplassar basert på lokalt miljø og forsking, og å motivere lokalt næringsliv til å utvikle miljøteknologi.  
 
Tussaprisen 2010 er på kr 20 000, i tillegg til 10 klimakvoter til ein samla verdi på om lag kr 1 500.
 
Tussaprisen:
Tussaprisen vart oppretta og utdelt første gong i 2004.
Følgjande har fått utdelt Tussaprisen tidlegare:
  • 2009 – Hjelpekorpsa på søre Sunnmøre og i Hornindal
  • 2008 – Far og son Eiksund – Eiksundsamklangen (Ulstein/Herøy/Hareid/Volda/Ørsta)
  • 2006 – Knut Nærø og Svein Sunde – Eiksundsambandet og Kvivsvegen
  • 2005 – Mons Sandnes (Vanylven og omegn) – tiltak for funksjonshemma/Monsiaden
  • 2004 – Merkesteinane (Volda, Ørsta, Vanylven)
  TUSSABREIBAND
Breibandsjekk
 Privat
 Bedrift
   
Utan telefon?
Målaravlesing Tussa Breiband Kraftprisar Tussafiber Hyttestraum