Kvifor er kraftprisen så høg? Kva er konsekvensane for kundane? Dette er tema når Tussa inviterer til ope møte førstkomande torsdag.
Etter ein kald og nedbørsfattig vinter har straumprisane skote i veret. Det har ført til mange spørsmål for Tussa.
- Mange tek kontakt med oss for å få svar på kvifor prisane er så høge, kvifor prisane varierer så mykje i Noreg, og kva ein kan gjere for å utjamne prisforskjellane. Behovet for informasjon er stort, og vi inviterer difor til eit møte der folk får stille spørsmål, og vi får informere om kraftprisane og kva konsekvensar dei har for kundane, seier konserndirektør Elling Dybdal.
Møtet blir halde på Tussa sitt hovudkontor i Hovdebygda, torsdag 11. mars klokka 19.00.
Mange årsaker til høge prisar
Årsakene til dagens situasjon i kraftmarknaden er mange, og det er også stort spenn i kva folk lurer på. Personar frå ulike delar av Tussakonsernet stiller difor på møtet. Dei vil både informere og vere tilgjengelege for å svare på spørsmål.
- Vi har folk som vil orientere om nettsituasjonen i området vårt, kvifor det er ulike prisar i landet, og behovet for den nye 420 kV-linja. Medarbeidarar som driv krafthandel på NordPool vil forklare korleis kraftbørsen fungerer, og kva som bestemmer straumprisane. Vi tek også føre oss dei ulike straumprodukta og straumavtalane som finst, og forklarar kva produkt som er mest fornuftig no. Og ikkje minst vil vi kome med gode energispareråd, som er eit godt tiltak for kundane for å redusere straumrekningane sine, seier Elling Dybdal.